Skjerpa krav til vinterdekk for tunge køyretøy
– Det skal vere trygt å ferdes på norske vintervegar. Difor har eg no bedt Vegdirektoratet skjerpe reglane for vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare. Farlege vogntog skal bort frå norske vegar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsdepartementet bad fredag Vegdirektoratet om å skjerpe kravet til vinterdekk for tunge køyretøy.
– Dette er eit tiltak i arbeidet for auka sikkerhet og framkome på norske vintervegar. Eg ønsker at denne skjerpinga blir gjennomført så raskt som mogleg, og før neste vintersesong, seier Dale.
Påbod om vinterdekk blei innført i 2013 og 2014
Regjeringa innførte i 2013 eit påbod om vinterdekk for tungbil over 3500 kg med unntak av løfteakslar. I 2014 blei dette påbodet utvida, og det blei innført påbod om vinterdekk på alle akslar.
Det blei i 2013 og 2014 meldt eit ønske om å sjå ytterlegare på krava til merking av vinterdekk på et seinare tidspunkt, i lys av den tekniske utviklinga og tilgjengelegheita av ulike typar dekk. Tyske myndigheiter har skjerpa krava til vinterdekk for tunge køyretøy, slik at det berre er dekk merka med det såkalla "alpesymbolet", (Three Peak Mountain Snow Flake) som er godkjent.
Samferdselsdepartementet har no bede Vegdirektoratet vurdere om ein skjerping etter same mønster som i Tyskland bør bli foreslått i Noreg.
Vegdirektoratet skal også vurdere om eit skjerpa vinterdekkrav berre bør gjelde drivande og styrande akslar slik som i Tyskland, eller alle hjul, inkludert hjul på tilhengar. Tilgjengelegheita av denne type dekk og i korleis grad det vil være nødvendig og forsvarleg med ein overgangsperiode, skal også vurderast. I Tyskland er det gitt ein overgangsperiode frem til 30. september 2024 for bruk av dekk merka M+S, produsert før 31. desember 2017.
Ei rekkje tiltak er gjennomført
Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak mot dårleg skodde vogntog dei siste åra. I førre uke kunne samferdselsministeren melde om ei styrking av kontrollen av tunge køyretøy i Nord-Noreg. Sjå pressemelding av 16. januar.
Lenker
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.
Følg saker fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Samferdselsdepartementet
Samferdselsministeren til Ålesund og Sunndal 21. februar18.2.2019 15:13:29 | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Jon Georg Dale reiser til Ålesund torsdag 19. februar der han vil delta på arrangementet LilleStortinget 2019 på Fagerlia skole. Han vil også få en orientering fra Statens vegvesen ved Kverve og Ørskogfjellet før turen går videre til et møte i Sunndal rådhus. Statsråden avslutter turen med å kjøre rv 70 til Kristiansund.
Transport21: Korleis skal vi løyse framtidas transportutfordringar18.2.2019 14:55:23 | Pressemelding
- Digitalisering og autonomi brukt på rett måte kan skape ein betre reisekvardag, effektivisere næringstransporten og hjelpe oss å nå andre viktige mål i transportpolitikken. Teknologi vil også vere avgjerande for å oppnå utslippskutt. Eg er difor glad for at vi gjennom Transport21 no samlar flinke og engasjerte folk som kan gje oss råd om korleis vi best kan innrette innsatsen for forsking og innovasjon i samferdselssektoren, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Høyring: Dreiing av luftfartsavgiftene skal styrke konkurransekrafta til norsk luftfart18.2.2019 10:12:50 | Pressemelding
– Eg vil styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta. Difor sender vi no ut ein høyring med forslag til omlegging av dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsministeren til Bergen, Arna og Voss 19. februar15.2.2019 14:48:57 | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Jon Georg Dale reiser til Bergen tirsdag 19. februar der han vil holde et innlegg på Nasjonal rassikringskonferanse på Scandic Flesland Airport. Han reiser deretter til Arna der han vil få en orientering fra Statens vegvesen om prosjektet Arna-Voss før turen går videre til Vaksdal. På Vaksdal vil statsråden treffe representanter for Aksjonsgruppe E16 før han sitter på med en trailer på vei til Voss.
No blir det enklare å drive motorsport13.2.2019 12:59:02 | Pressemelding
– Motorsporten utviklar seg stadig, og engasjerer mange, både amatørar og profesjonelle. Eg ønsker å legge til rette for at fleire aktørar kan arrangere motorsportstemner, og at fleire skal kunne køyre lovleg i høg fart i trygge tilhøve på lukka baner. Difor foreslår vi no endringar i regelverket om motorsport. Dette vil bidra til at dei ulike motorsportmiljøa kan utvikle seg på ein positiv måte, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Utlysing av konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg7.2.2019 14:35:16 | Pressemelding
– Det regionale flytilbodet er ein viktig del av det nasjonale transporttilbodet i Noreg og for kollektivtilbodet i distrikta. Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg sikrar regjeringa eit godt tilbod til flypassasjerane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom