Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Settefiskanlegg får løyve til regulering og uttak av vatn frå Lona-vassdraget

Del

NVE gjev Fossing Storsmolt AS løyve til regulering og uttak av vatn frå Lona-vassdraget i kommunane Bamble og Kragerø, i Telemark. Vatnet skal nyttast til produksjon av settefisk.

Det planlagde settefiskanlegget vil produsere 5 millionar smolt årleg. Det er søkt om eit maksimalt vassuttak på 1 m3/s, eit gjennomsnittleg uttak over året på 0,7 m3/s, og regulering av 11 innsjøar i Lona-vassdraget.

NVE meiner at det omsøkte vassuttaket og regulering av 11 innsjøar vil føre til auka belastning på vassdraget, samanlikna med dagens situasjon. NVE meiner at ved å avgrense vassuttaket vil konfliktgraden bli redusert.Fossing Storsmolt AS får løyve til å ta ut inntil 0,4 m3/s i gjennomsnitt over året, og maks uttak på 0,7 m3/s. NVE gjev løyve til regulering av sju av dei elleve omsøkte innsjøane.

I vedtaket er biologi og friluftsliv vektlagt spesielt då Lona-vassdraget er verna mellom anna på bakgrunn av stort naturmangfald knytt til vassrelatert biologi og friluftsliv. Det er sett krav om minstevassføring mellom dei ulike magasina.

NVE vurderer i sum at nytten av eit redusert vassuttak er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til det planlagde settefiskanlegget på fastsette vilkår.

Les meir om saka

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Gry Berg, tlf. 22 95 92 20 / 41 29 30 86
Saksbehandlar Bård Ottesen, tlf. 22 95 95 28 / 93 06 74 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom