Samferdselsdepartementet

Sektormelding om Posten: Regjeringa legg til rette for ei effektiv verksemd i møte med nye utfordringar

Del

- Posten opplever store endringar i marknaden, og må difor vere best mogeleg førebudd på å møte utviklinga. Dei siste tjue åra har brevvoluma blitt redusert betydelig i konkurranse med elektronisk kommunikasjon. Samstundes kjøper folk meir varer på internett enn tidlegare. Dette gjer at pakkeposten aukar i omfang. Regjeringa føreslår no tiltak som vil gjere Posten godt rusta til møte utviklinga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa har i dag lagt meldinga "Postsektoren i endring" fram for Stortinget. Sektormeldinga tar for seg forhold knytt til regulering og eigarskap av verksemda til Posten.  

Ikkje lenger skilje mellom A- og B-post
Fallet i brevmengda er stort. I løpet av dei siste 15 åra er brevmengda blitt halvert, og tal for januar og februar i år tyder på at fallet er aukande. Grunnen er at stadig fleire nyttar ulike typar elektronisk kommunikasjon.   

Posten har store faste kostnader ved å oppretthalde to poststramar. Ei viktig regulatorisk endring i sektormeldinga er difor at regjeringa går inn for å slå saman A- og B-post til ein felles poststraum.  Endringa gjer at normal framføringstid for vanlege brev aukar frå ein til to dagar. Endringa gjer det mogleg å frakte mesteparten av postmengda med landtransport, med unnatak av flytransport mellom nord og sør i Noreg.  

- Følgjene av å slå saman A- og B-post vil gjere verksemda til Posten meir effektiv og dermed betre rusta til å møte utviklinga i postmarknaden. Vi ser no liknande teikn i andre skandinaviske land.  I Danmark blei det for nokre dagar sidan inngått ein politisk avtale om leveringsplikta fram mot 2019. Avtalen betyr at danskane avskaffar tradisjonell A-post og innfører ein ny brevstrøm med ei framsendingstid på fem dagar, seier samferdselsministeren.  

Det blir òg endringar i korleis Posten organiserer brevsorteringa. Som følgje av det reduserte postvolumet og samanslåing av A- og B-post, legg regjeringa opp til at Posten kan samla brevsorteringa til nokre få brevterminalar. Aktiviteten ved dei andre brevterminalane blir dermed redusert.  

Landpostbod: Krav om minst fire kilometer til nærmaste Post i butikk
I tråd med at postmengda er fallande, legg regjeringa opp til at det skal vere minst fire kilometer frå nærmaste Post i butikk for å få tilbod om landpostteneste. Denne grensa er tidligare kommunisert til Stortinget, men regjeringa går inn for at praksisen skal bli lik i alle områder. Innføring av lik praksis gjer at nokre færre husstandar får tilbod om landpostteneste.

Vil gjere det mogeleg å redusere talet på omdelingsdagar, men utan lovendring
Posten er ikkje lenger pliktig til å dele ut post seks dagar i veka, men fem. Denne endringa blei innført tidlegare i år. I meldinga går regjeringa inn for å gjere det mogeleg å redusere talet på omdelingsdagar for inntil 10 prosent av hushalda utan å måtte endre postlova. Denne moglegheita er ikkje tenkt tatt i bruk med det fyrste, men kan tre i kraft når fallet i brevmengda gjer det naudsynt.  

Regjeringa orienterer om utviklinga i Posten
I sektormeldinga orienterer regjeringa om Postens økonomiske utvikling, oppfølging av hovudstrategiar og arbeid med samfunnsansvar. 

Posten har over fleire år gjennomført omfattande tiltak for å effektivisere verksemda innanfor både post- og logistikksegmentet. Samstundes har Posten over lang tid arbeidd systematisk med sitt samfunnsansvar og har oppnådd ein markant nedgang i sjukefråveret og ein vesentleg reduksjon av CO2-utslipp.

Posten driv i dag verksemda i ein fullt ut konkurranseutsett marknad. I meldinga går regjeringa difor inn for å avvikle eigarkravet om ei nedre grense for talet på ekspedisjonsstader. Innanfor kravet i postlova om områdedekning skal Posten sjølv, på kommersielt grunnlag, få moglegheit til å avgjere talet på ekspedisjonsstader. Samferdselsdepartementet legg òg opp til å avvikle praksisen med å legge eigarmeldingar om verksemda til Posten fram for Stortinget.   

For fleire opplysningar – sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren tar kontoret ut #påsporet på Nordlandsbanen (24. og 25. januar)22.1.2018 15:31Pressemelding

- Å sjå transportkvardagen i praksis gir utvida perspektiv. Gjennom mange reiser på infrastrukturen vår har eg hausta gode innspel som gir grunnlag for gode politiske prioriteringar. No står Nordlandsbanen for tur. Eg ser fram til å flytte kontoret ut på sporet for å oppleve og få innspel om korleis vi kan utvikle denne strekninga på ein best mogleg måte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa legg til rette for etablering av fleire fiberkablar til utlandet12.1.2018 10:49Pressemelding

- Digitale tenester blir stadig viktigare i arbeidslivet og på fritida. Ein sikker og robust infrastruktur er ein føresetnad for å oppretthalde og utvikle gode digitale tenester. Fiberkablar til utlandet er ein viktig del av den digitale infrastrukturen til Noreg. Stortinget vedtok før jul budsjettforlaget frå regjeringa om å etablere fleire fiberkablar mellom Noreg og utlandet. No skal Nkom gå i gang med realiseringa av dette tiltaket. I tillegg til auka kapasitet og tryggleik i ekomnetta, vil fleire fiberkablar opne opp for meir databasert næringsutvikling, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Evaluering av tilbud om drift av kystruten starter 12. januar11.1.2018 13:00Pressemelding

- Fristen for å levere tilbud i konkurransen om ny avtale på kystruten Bergen-Kirkenes løper ut fredag 12. januar kl. 12. Kystruten er en viktig transportåre for kystsamfunnene og vi har vært opptatt av å legge opp til en konkurranse som sikrer et kontinuerlig og godt transporttilbud. Samferdselsdepartementet har underveis i tilbudsfasen fått mange spørsmål til konkurransegrunnlaget, hvilket vi håper er et uttrykk for reell interesse fra flere aktører. Det kan tyde på at det blir en spennende konkurranse. Vi går nå inn i en krevende fase med å evaluere tilbud og vil arbeide for å forhandle frem en god løsning for den videre driften av tjenesten, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom