Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren vil løfte fram kommunen som arbeider best med trafikktryggleik

Del

– Lokalt trafikktryggleiksarbeid er viktig for å få ned talet på drepne og hardt skadde i trafikken. Her er kommunane viktige aktørar. Vi vil difor heidre kommunar som utmerker seg i dette arbeidet, og løfte dei fram som førebilete for andre, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Foto: Tornøe / Samferdselsdepartementet
Foto: Tornøe / Samferdselsdepartementet

Arbeidet med å velje Årets trafikktryggleikskommune 2019 er i gang. Prisen for 2019 er på ein million kroner.

Målet med prisen er å betre trafikktryggleiken ved å inspirere til betre trafikktryggleiksarbeid lokalt. Prisen skal gå til ein kommune som kan vise til godt trafikktryggleiksarbeid og til gode planer for vidare arbeid. Kommunen må ha ein trafikktryggleiksplan, mellom anna for sikring av skulevegane.

Nominasjonsprosess

Samferdselsdepartementet sender no ut invitasjon til fylkeskommunane og ber dei nominere ein eller to kommunar som har utmerkt seg i arbeidet med trafikktryggleik. Det er Statens vegvesen som administrerer ordninga og som står for den vidare nominasjonen. Samferdselsdepartementet tek den endelege avgjerda, i samråd med Kontaktutvalet for trafikktryggleik.

Tidlegare prisvinnarar

Prisen vert i år delt ut for åttande gong. I fjor fekk Fredrikstad kommune prisen, i 2017 Kvinesdal kommune, i 2016 Ski kommune, i 2015 Alta kommune, i 2014 Bodø kommune, i 2013 kommunane Austrheim og Lindås, og i 2012 Nøtterøy kommune.

Bilder

Foto: Tornøe / Samferdselsdepartementet
Foto: Tornøe / Samferdselsdepartementet
Last ned bilde

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Tømmertransporten skal fram på utbetra vegar20.3.2019 10:30:00 CETPressemelding

PRIV TIL RED.: OPPDATERT 22.03 MED KORREKT FV-NR: Fv 17 Folda bru - Flaskehalsar, til dømes i form av bruer som ikkje toler dei tyngste tømmervogntoga, gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport. Utbetring av flaskehalsane vil styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar, gi færre lastebilar på vegane og betre miljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Trondheimsområdet får byvekstavtale – sikrer statlige bidrag til Metrobuss og tiltak for gående og syklende15.3.2019 14:19:01 CETPressemelding

- Dette er en viktig milepæl, og jeg gratulerer både innbyggerne og politikerne i Trondheimsområdet med resultatet av forhandlingene. Jeg håper de pågående forhandlingene med andre storbyområder kan sluttføres med tilsvarende gode opplegg for bedre fremkommelighet, miljø og arealbruk, sier statssekretær Anders Werp i Samferdselsdepartementet.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom