Samferdselsministeren ut på tur i veke 32
– Eg ser fram til teste vegane og jernbanelinene våre, til å synfare prosjekt under bygging, til å besøke flyplassar og hamner og til å møte bedrifter og folk, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
I fem dagar skal han reise rundt, hovudsakleg på Austlandet, Vestlandet og Trøndelag denne gongen.
- Målet med samferdselspolitikken er å binde landet tettare saman og å styrke konkurransekrafta for næringslivet. Rett og slett å gjere kvardagen enklare for oss alle, anten vi pendlar, hentar i barnehagen eller leverer varer til kundane våre. Da er det viktig å gjere riktige prioriteringar. På slike turar får eg sjå med eigne auge kva tilstand transportnettet vårt er i, og eg får vite kor skoen trykker for folk og næringsliv. Kva for transportutfordringar er det dei står i og som vi må bidra til å løyse? Det får eg gode svar på når eg er ute på vegen, seier Dale.
Presse er velkommen til å delta på alle delar av programmet. Meir detaljert program med tidspunkt vil bli sendt ut for kvar enkelt dag kvelden før. Interesserte journalister som treng detaljert info tidlegare kan ta kontakt.
Bilete frå turen blir lagt ut på Samferdselsdepartementets Flickr-konto: https://www.flickr.com/photos/samferdselsdepartementet/
Her er hovudpunkta i programmet:
Måndag 5. august
Første stopp på turen er Notodden lufthamn og besøk hjå Pilot Flyskole AS. På ettermiddagen er Dale med synfaring med Statens vegvesen på E134 frå Gvammen til Vinje. Han vil også stå for den offisielle opninga av ein ny døgnkvileplass på Høydalsmo.
Tysdag 6. august
Dagen starter i Odda, og på morgonen skal statsråden reise med to ferjer før han besøker Grindevoll Maskin i Hagavik. Deretter er det omvising på Bergen lufthamn (treng påmelding for interesserter journalistar) før han besøker Plug AS i Bergen Hamn der temaet er landstraum. Dagen sluttar med besøk til Coastal Center Base i Ågotnes Næringspark.
Onsdag 7. august
På morgonen tek samferdselsministeren tog frå Bergen til Voss. Underveis får han orientering om pågåande prosjekt og plattformforlengingar. I Voss vil Dale ta gondolbana, før han køyrer vidare med bil til Storehaug der han får ei orientering om rv. 13 Vikafjellstunnelen frå Statens vegvesen. Det er også lagt inn eit stopp ved Vangsnes ferjekai der det skjer utbetringar.
Torsdag 8. august
Første stopp denne dagen er ved Lom bakeri. Deretter vil samferdselsministeren få ei orientering frå Nye Veier AS i Otta før reisa går vidare med tog til Oppdal. Ved Ulsberg vil Dale ha eit nytt møte med Nye Veier AS før turen går vidare til Grytnes Entreprenør i Sunndalsøra. På kvelden er det lagt inn eit besøk til Baatbyggeriet på Vestnes.
Fredag 9. august
På morgonen besøker samferdselsministeren Valderøy barneskule utanfor Ålesund som er tildelt 400 000 kroner i støtte frå Samferdselsdepartementet til sikring av skolevegane. Han får deretter ei omvising hos Kongsberg Maritime før turen går vidare med ferje og bil til Volda Maskin. På ettermiddagen deltek Dale på opningsmarkeringa av Bazpoint i Volda før han tar ei ny ferje for å besøke Sibelco Nordic i Vanylven. Siste post på programmet er ei orientering frå Kystverket om status for Stad skipstunnel.
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fem forskningsprosjekter får penger fra Samferdselsdepartementet17.4.2024 12:10:41 CEST | Pressemelding
Av-ising av nullutslippfly og datadrevet salting av vei er to av teknologiprosjektene som nå får penger fra Samferdselsdepartementet. Det er Forskningsrådet som har utpekt de fem prosjektene, som får 40 millioner kroner.
Regjeringen med penger til Bodø og Ålesund16.4.2024 11:11:48 CEST | Pressemelding
– Regjeringen har satt av i 31 millioner kroner til mindre byer utenfor ordningen med byvekstavtaler. Dette er et løft for at Bodø og Ålesund skal bli grønnere byer med bedre fremkommelighet, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel5.4.2024 12:00:16 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.
Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område5.4.2024 11:59:27 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom