Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren til Hedmark og Oppland for å få innspel om ny Nasjonal transportplan

Del

- Vi er i full gang med å samle inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet, og no står Hedmark og Oppland for tur. Heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk, auka vedlikehaldsinnsats og ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er viktige stikkord for ny Nasjonal transportplan. Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen, som skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at han tysdag 31. mai reise til Hedmark og Oppland. På programmet står mellom anna eit innspelsmøte for næringslivet om ny Nasjonal transportplan (NTP) i regi av NHO. NTP-turneen til politisk leiing i Samferdselsdepartementet starta i april i år med ei reise til Agder-fylka. Innspelsmøtet med næringsliv og politikarar frå Hedmark og Oppland er det åttande og siste på turneen.

- Erfaringane viser at i dei tilfella der ein region ikkje sjølv klarer å prioritere, så blir den jobben likevel gjort, men då av politikarar frå andre delar av landet. Det er difor særleg viktig at næringsliv og politikarar i dei ulike regionane hjelper oss med å prioritere dei viktigaste prosjekta fyrst, samstundes som alt skal passe inn i ein samanheng på lang sikt. Som regel er det fleire ønskje om prosjekt enn det ein klarer gjennomføre på få år, og vi skal leggje fram ein transportplan for heile landet, seier samferdselsministeren. 

Program for samferdselsministeren På turen 31. mai har samferdselsministeren følgjande program:  

10:00 – 12:00     Innspels- og høyringsmøte i regi av NHO om NTP 2018-2029 Stad: Mustad næringspark, Raufossvegen 40, Gjøvik

12:30 – 13:30     Delta på Norsk Lastebileiers Forbund sitt opplæringskurs "Venner på veien". Stad: Hoffsvangen skole, Tømmerholsvegen 322, Lena.

Journalistar og fotografar er velkomne til å delta. Pressekontakt for samferdselsministeren på turen er Frøydis Tornøe, Kommunikasjonseininga, Samferdselsdepartementet, tlf.: 970 97 855, e-post: froydis.tornoe@sd.dep.no.

For fleire opplysningar – sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Regjeringa legg til rette for etablering av fleire fiberkablar til utlandet12.1.2018 10:49Pressemelding

- Digitale tenester blir stadig viktigare i arbeidslivet og på fritida. Ein sikker og robust infrastruktur er ein føresetnad for å oppretthalde og utvikle gode digitale tenester. Fiberkablar til utlandet er ein viktig del av den digitale infrastrukturen til Noreg. Stortinget vedtok før jul budsjettforlaget frå regjeringa om å etablere fleire fiberkablar mellom Noreg og utlandet. No skal Nkom gå i gang med realiseringa av dette tiltaket. I tillegg til auka kapasitet og tryggleik i ekomnetta, vil fleire fiberkablar opne opp for meir databasert næringsutvikling, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Evaluering av tilbud om drift av kystruten starter 12. januar11.1.2018 13:00Pressemelding

- Fristen for å levere tilbud i konkurransen om ny avtale på kystruten Bergen-Kirkenes løper ut fredag 12. januar kl. 12. Kystruten er en viktig transportåre for kystsamfunnene og vi har vært opptatt av å legge opp til en konkurranse som sikrer et kontinuerlig og godt transporttilbud. Samferdselsdepartementet har underveis i tilbudsfasen fått mange spørsmål til konkurransegrunnlaget, hvilket vi håper er et uttrykk for reell interesse fra flere aktører. Det kan tyde på at det blir en spennende konkurranse. Vi går nå inn i en krevende fase med å evaluere tilbud og vil arbeide for å forhandle frem en god løsning for den videre driften av tjenesten, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Mulighet for store kostnadskutt på E1622.12.2017 15:19Pressemelding

- Innspill fra Statens vegvesen og Nye Veier AS om utbyggingen av E16 Slomarka-Nybakk viser at kan det være mulig å redusere kostnadene med over 20 prosent. Dette er gode tall. Det er viktig å bygge ut nye motorveistrekninger for å bedre framkommeligheten og styrke trafikksikkerheten. Samtidig er vi opptatt av å få mest mulig vei for pengene. Derfor skal vi fortsette arbeidet med veireform, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom