Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren foreslår høgare fartsgrense på fleire strekningar

Del
– Riktige fartsgrenser er vesentlig for å kunne utnytte veginfrastrukturen best mogleg. Den respekten trafikantane har for skilta fartsgrenser avhenger også av at grensene verker fornuftige og logiske ut frå korleis trafikantane sjølv oppfattar forholda. Derfor vil vi no auke fartsgrensene på fleire strekningar rundt om i hele landet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Foto: Frøydis Tornøe/SD
Foto: Frøydis Tornøe/SD

Forslaga til nye fartsgrenser sendes i dag på høring frå vegvesenet. Endringane vil kunne tre i kraft i september.

– Vi vil gjere reisekvardagen til folk så enkel, sikker og effektiv som mogleg. For å få til dette har investeringar i nye vegprosjekt hatt høg prioritet dei siste åra, og standarden på vegane er heva for at transporten skal gå raskt, effektivt og sikkert. Då er det også naturleg å sjå på kva fartsgrense som er rett på dei ulike strekningane. Vi foreslår difor no å endre fartsgrensa på seks ulike strekningar rundt om i landet, seier Dale.

Endringane gjeld for følgande seks strekningar:

  • E18 Østfold, Marker kommune: Ein strekning på 0,6 km blir skilta opp frå 70 km/t til 90 km/t, mens en annen strekning på 1,5 km blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
  • E136 Møre og Romsdal, Ålesund kommune: Ein strekning på 4,1 km blir skilta opp frå 70km/t til 80 km/t.
  • Rv80 Nordland, Bodø kommune: Ein strekning på 1 km blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
  • E18 Vinterbro i Akershus til Østfold grense: Deler av strekninga blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
  • E16 Kløfta – Kongsvinger: Strekninga Kløfta – Nybakk blir skilta opp frå 90 km/t til 100 km/t, mens strekninga Slomarka – Kongsvinger blir skilta opp frå 90 km/t til 100 km/t.
  • E6 i Gudbrandsdalen, Hundorptunellen og Teigkamptunellen: Det blir skilta opp frå 80 km/t til 90 km/t i tunellane.

Fartsgrenseendringane vil bli evaluert etter eitt og tre år. I evalueringa skal trafikktryggleiken vurderast, og det skal gis ein konkret vurdering av om fartsgrenseendringa har påverka samfunnsnytta.

Nøkkelord

Bilder

Foto: Frøydis Tornøe/SD
Foto: Frøydis Tornøe/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye