Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren ber om evaluering av vedlikehaldsopplegget på jernbanen om sommaren

Del
- Folk sin tillit til jernbanen er avhengig av at toga går når dei skal. I hovudstadsområdet har det vore mange forseinkingar og innstillingar etter at trafikken opna igjen etter fleire veker med buss for tog i sommar. For at passasjerande skal få ein betre reisekvardag – også i sommarmånadane - har vi bede Jernbanedirektoratet om å gå gjennom organisering og gjennomføring av vedlikehaldsarbeidet på jernbanen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsdepartementet har i dag gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å gjere greie for dei problema knytte til forseinkingar og innstillingar som oppsto då dei sommarstengte strekningane opna for trafikk igjen i byrjinga av august. Direktoratet skal mellom anna orientere om kva for konsekvensar desse problema har hatt for dei reisande og korleis ein har prøvd å hjelpe dei reisande.

Direktoratet skal svare skriftleg innan 29. august.

Evaluering av sommarstenging med buss for tog      

Samferdselsdepartementet ber òg Jernbanedirektoratet om å greie ut om fordelane ved dagens praksis med lengre stengingar i samband med ferier og høgtider forsvarer ulempene som blir påført kundane, og å foreslå opplegg for komande år. Jernbanedirektoratet skal mellom anna vurdere følgjande tema:

  • Utnyttinga av stengeperioden (samsvar mellom gjennomført vedlikehald og stenging)
  • Behov for stengingsperiodar i komande utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt
  • Moglegheiter og konsekvensar av kortare stengingsperiodar enn seks samanhengande veker
  • Erfaringane med buss for tog
  • Førebuingane til oppstart etter stenging
  • Konsekvensar av stengingar for transporten av personer og gods

Jernbanedirektoratet skal levere framdriftsplan og opplegg for utgreiinga innan 10. september. I rapporten må det gå fram om det er mogleg å få til eventuelle endringar allereie frå neste sommar

 

For fleire opplysningar: Supplerande tildelingsbrev av 27. august frå Samferdselsdepartementet til Jernbanedirektoratet (vedlegg)

Nøkkelord

Dokumenter

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye