Fiskebåt

Russland krev 90 millionar i kausjon

Del
Russland krev 90 millionar i kauasjon for å sleppe fri reketrålaren Remøy. Det norske utanriksdepartementet er kopla inn i saka.

Situasjonen er framleis fastlåst for reketrålaren Remøy som vart tatt inn til Murmansk av russisk kystvakt, onsdag 10. mai. Både norske fiskeri- og utanriksstyresmakter jobbar no med å få båten frigitt.

Det russiske kausjonskravet på 90 millionar er meir 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten.

- Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Audun Maråk, adm.dir i Fiskebåt.

Formalitetsfeil
Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.

Har det bra
Både reiarlaget og det norske generalkonsulatet i Murmansk har sørga for at mannskapet blir tatt godt vare på. Etter planen var dei på veg heim for mannskapsskifte, då dei vart stoppa i eit kontrollpunkt av den russiske kystvakta.

- Det er ingen tvil om at dette er ei stor belastning for både mannskapet og reiarlaget. Difor er det viktig at saka får ei snarleg løysing, seier Maråk

Møte
Fiskebåt har løpande kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og det norske Utanriksdepartementet (UD), og har tatt initiativ til eit møte fredag ettermiddag. Også Norges fiskarlag og reiarlaget vil delta på møtet. Fiskebåt og reiarlaget skal også ha eit møte med parlamentarisk leiar Frp på Stortinget, Harald Tom Nesvik, for å drøfte situasjonen.

Det er UD som handterer kontakten med russiske styresmakter.

Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.

Alle partar jobbar aktivt med å få løyst saka, og reiarlaget har bedt om at mediekontakt i størst mogleg grad skal gå gjennom Fiskebåt.

Kontakter

Kontaktpersonar;


Audun Maråk
adm.dir. i Fiskebåt
Tlf. +47 900 77 470
e-post: audun@fiskebat.no


Odd Kristian Dahle
Informasjonsleiar i Fiskebåt
Tlf. +47 906 15 658
e-post: odd-kristian@fiskebat.no


 

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt organiserer den havgåande fiskeflåten, og jobbar for ein miljøvenleg og lønsam fiskeflåte, som leverer sunn mat frå berekraftige bestandar i verdas reinaste havområde.

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye