Road Alliance: Noreg ønskjer klare reglar, betre arbeidsvilkår og tryggare vegtransport
Fleire omstridde forslag frå EU-Kommisjonen om nye reglar for vegtransport blei diskutert på eit ministermøte i Road Alliance i Brussel 12. november. Desse omfattar nye reglar for marknadstilgang (kabotasje), køyre- og kviletid/arbeidsvilkår, fartsskrivar og kontroll av arbeidstid, og utsending av arbeidstakarar.
På vegne av Noreg deltok statssekretær Tommy Skjervold (FrP) på møtet, som resulterte i ei ministererklæring. Her understrekar landa i Road Alliance at ein må løyse problema i vegtransport som er knytte til mellom anna kabotasje og urettferdig konkurranse.
Alliansen meiner det er svært viktig at dei nye, smarte fartsskrivarane blir innførte så raskt som mogleg i både nye og eksisterande kjøretøy. Alliansen peikar òg på at det er viktig med klare reglar som det er mogleg å handheve. Regelverket må òg gi betre leve- og arbeidsforhold for sjåførar og fremme trafikksikkerheit.
Viktig for å fremme norske interesser
For Noreg er Road Alliance eit viktig forum for informasjon og medverknad inn mot EU. Dei vesteuropeiske landa Austerrike, Belgia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Hellas, Italia, Luxembourg, Sverige og Sveits er med i alliansen, medan Nederland deltek som observatør. I lag med dei andre landa i Road Alliance arbeider Noreg for at nye EU-reglar som gjeld vegtransport skal redusere moglegheitene for misbruk og svindel.
Gjennom arbeidet i Road Alliance blir norske interesser fremma. Synspunkta som regjeringa legg fram, er utarbeidde i dialog med norske arbeidsgjevar- og sjåførorganisasjonar.
Frå norsk side er klare reglar og effektiv handheving framheva som viktig . Det bør vere krav om at alle internasjonale transportar som er omfatta av køyre- og kviletidsreglane, skjer med køyretøy som er utstyrte med ein ny type fartsskrivar så snart som mogleg. Dette vil gjere arbeidskvardagen for sjåførane enklare og gi ein meir effektiv kontroll av mellom anna kabotasjereglane.
- Vi er imot å gi unntak frå forbodet mot normal vekekvile i køyretøya. Det bør òg vere ein klar regel om at føraren skal reise heim minimum kvar fjerde veke. Desse krava er viktige for både transportsikkerheita og for å leggje til rette for ein meir rettferdig konkurranse i marknaden, seier samferdselsministeren
Regjeringa ønskjer ikkje liberalisering av kabotasjeregelverket. Lastebilar som blir nytta i kabotasje bør ha ei form for karantenetid før dei kan køyre nye kabotasjeoppdrag.
Det er òg viktig å sikre at vegtransportetappa av kombinerte transportar ikkje blir nytta til å omgå kabotasjereglane. Ein må difor sjå desse reglane i samanheng med både kabotasjereglane og reglane om utsending av arbeidstakarar.
Vidare framdrift
Det austerrikske formannskapet legg opp til behandling av forslaga i Rådet i desember. Tidspunktet for behandlinga i Parlamentet er foreløpig uviss. Både Rådet og Parlamentet må bli samde om ein posisjon før dei kan starte forhandlingar med Kommisjonen. Det er difor for tidleg å seie korleis det endelege regelverket blir utforma.
For fleire opplysningar – sjå:
Nøkkelord
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fem forskningsprosjekter får penger fra Samferdselsdepartementet17.4.2024 12:10:41 CEST | Pressemelding
Av-ising av nullutslippfly og datadrevet salting av vei er to av teknologiprosjektene som nå får penger fra Samferdselsdepartementet. Det er Forskningsrådet som har utpekt de fem prosjektene, som får 40 millioner kroner.
Regjeringen med penger til Bodø og Ålesund16.4.2024 11:11:48 CEST | Pressemelding
– Regjeringen har satt av i 31 millioner kroner til mindre byer utenfor ordningen med byvekstavtaler. Dette er et løft for at Bodø og Ålesund skal bli grønnere byer med bedre fremkommelighet, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel5.4.2024 12:00:16 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.
Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område5.4.2024 11:59:27 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom