Samferdselsdepartementet

RNB 2018: Løyver 342 millionar kroner meir til kjøp av posttenester for innbyggarane

Del

- Den digitale revolusjonen gjer at brevvolumet fell raskt og at ein større del av den leveringspliktige postomdelinga til Posten blir ulønsam. Dermed aukar behovet for løyvingar frå staten for å kunne føre vidare Posten si omdeling av post til folk og næringsliv over heile landet fem dagar i veka i 2018, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kjøp av post- og banktenester i 2018 med 342 millionar kroner, til 603,7 millionar kroner.  Samanlikna med tidlegare er ein vesentleg større del av den leveringspliktige postomdelinga til Posten Norge AS ulønsam. Dette viser utrekningar som Posten har gjennomført og ei ekstern utgreiing utført på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Grunnen er digitaliseringa, som har ført til at brevvolumet har falle med om lag 60 prosent sidan år 2000. Dette gir Posten ein stor inntektsnedgang, medan kostnadene for det landsdekkjande distribusjonsnettet med bilar og personell i stor grad ligg fast.

Høyringsrunde om endring i omdelingsfrekvens

Posten som leveringspliktig tilbydar er per i dag pålagd å omdele post fem dagar i veka over heile landet. Det er estimert ei ny halvering av brevvolumet fram mot 2025. Utan endringar i krava, vil derfor kostandane bli verande på eit høgt nivå, medan inntektene vil halde fram med å stupe. Fram mot 2025 anslår den eksterne utgreiinga at meirkostnadane til post- og banktenester for Posten vil auke til 988 millionar kroner årleg.

Regjeringa har hatt forslag til endringar i postloven på høyring, der ulike omdelingsfrekvensar blir drøfta. Det har kome inn over 200 høyringssvar. Samferdselsdepartementet er no i gang med å gjere ei grundig vurdering av innspela.

- Den digitale revolusjonen gjer at vi kommuniserer annleis. Medan posttenestene før leverte gode økonomiske resultat, så ser vi no ei utvikling med behov for stadig større statlege støttekjøp for å oppretthalde posttenestene. Då må vi finne eit servicenivå som dekkjer samfunnet sitt behov for posttenester, men utan at det går utover andre viktige samfunnsoppgåver. Eg er trygg på at Posten klarer ei slik omstilling, men det er viktig at vi held ved lag eit godt samarbeid med både kundar og tilsette, seier samferdselsministeren. 

Revidert nasjonalbudsjett

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Statleg tilskot til breibandutbygging: Område med låg breibandkapasitet blir framleis prioriterte15.5.2018 10:48Pressemelding

- Infrastruktur for ekom er like viktig for folk og næringsliv som veg og jernbane. Breibanddekninga i Noreg er generelt svært god, og marknadsaktørane gjer ein viktig jobb for å byggje ut infrastrukturen. Staten bidreg med pengar til breibandutbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut. Innretninga på tilskotsordninga er no endra slik at fylkeskommunane får meir involvering, men område med låg breibandkapasitet skal framleis bli prioriterte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Rv 23 Dagslett–E18: Vil se prosjektet under ett, for å kunne få ned prosjektkostnadene og sikre rasjonell gjennomføring15.5.2018 10:47Pressemelding

Regjeringen foreslår å justere rv 23-prosjektet etter at grunnforholdene på Dagslett-Linnes har vist seg å være mer krevende enn tidligere antatt. Regjeringen vil derfor utvide planarbeidet slik at man nå ser prosjektet i sin helhet frem til E18. Dårlige grunnforhold har medført en kostnadsøkning på nærmere 850 millioner kroner sammenlignet med det som var kjent da Stortinget tidligere behandlet utbygging av veistrekningen. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen tror det er penger å spare på å slå sammen flere parseller til et prosjekt.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom