Fiskebåt

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest

Del
Reketrålaren Remøy frå Herøy i Møre og Romsdal er no på veg til Tromsø etter drøyt tre veker i arrest i Murmansk.

Trålaren Remøy vart tatt i arrest av russisk kystvakt onsdag 10. mai, som følgje av at lisensskjemaet var feil utfylt av Fiskeridirektoratet.

- Vi er svært glade for at mannskap og båt no er på veg til Tromsø. Mannskapet som er om bord har vore under eit stort press, og vi er difor glade for at vi no kan ønske dei velkomen heim, etter åtte veker på sjøen , seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske.

Ni av mannskapet på 17 fekk reise heim fredag 26. mai, og båten har deretter hatt ei minimumsbemanning med åtte personar.

Remøy synes det har tatt lang tid før ei løysing vart lagt fram.

- Det er skremande at ei så lita sak skal få store konsekvensar og ta så lang tid. I forhold til den bagatellmessige feilen som vart gjort i utgangspunktet, burde denne saka vore løyst umiddelbart. Når båten no kjem til Tromsø, skal vi losse, bunkre drivstoff, skifte ut resten av mannskapet, og få den ut på fiske igjen så snart som mogleg, seier Remøy.

Trålaren er no fri frå arrest etter ein iherdig innsats frå fleire, og ikkje minst det norske Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

- Det er mange som har hjelpt til for å få ei løysing i denne saka, noko vi er svært takksame for. Skulle saka løysast gjennom det russiske rettssystemet hadde det truleg vore langt fram til ei løysing, seier Remøy.

Mannskap og båt er venta å kome til Tromsø på laurdag.

Sjølv om båten er fri frå arresten, er saka framleis til behandling i det russiske rettssystemet.

----------------------------------------------------

Kontakt for meir info;

Odd Kristian Dahle, info.leiar i Fiskebåt
+47 906 15 658
e-post:odd-kristian@fiskebat.no

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye