Samferdselsdepartementet

Regjeringa opprettar nytt forum for norsk vegtransportnæring

Del

- Det er eit klart mål å sikre konkurranseevna til norsk transportnæring. Det er viktig for å sikre investeringar og rekruttering. Vi har allereie i dag eit godt samarbeid med bransjen. No ønskjer vi å formalisere det med eit eige vegtransportforum Målet er å få ei fortløpande skildring av situasjonen i vegtransportmarknaden og å få vite kva slags utfordringar næringa og arbeidstakarane står overfor i det daglege, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Henrik Jonassen/SD
Foto: Henrik Jonassen/SD

Det nye vegtransportforumet skal møtast 3-4 gonger i året. Deltakarane skal kome med innspel til moglege tiltak innanfor dagens regelverk og bidra til utvikling av nye reglar på vegtransportområdet.

Det første møtet i forumet blei halde i dag, 13. desember, hos Samferdselsdepartementet. Tema var EU-kommisjonens mobilitetspakkar, der sosiale rettar og like arbeidsvilkår for næringa er sentralt.

- Noreg er med i Road Alliance saman med ei rekke andre land i Europa for å kjempe for betre trafikktryggleik, ryddigare reglar rundt kabotasje, og krav om sosiale rettar for å betre arbeidsvilkåra og fremje likare konkurransevilkår i vegtransportnæringa. Dette er også sentrale tema i mobilitetspakkane EU jobbar med for tida. Det var derfor naturleg emne å ta opp på det første møte i gruppa, seier Solvik-Olsen.

Regjeringa har gjort ei rekke vedtak som styrker regelverket og kontrollaktiviteten for transportnæringa Kontrollnivået er kraftig auka og kontrollørane har fått tilgang til digitale hjelpemiddel. Regjeringa har mellom anna innført strengare krav til vinterdekk, opna for bruk av hjullås, betre kontroll av vinterutrusting og moglegheit for å halde att køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav.

Frå næringa deltek Spekter, NHO Logistikk og Transport, NHO Transport, Norges Lastebileier-Forbund, Norges Transportarbeiderforbund og Yrkestrafikkforbundet i forumet. På det første møtet, deltok Arbeids- og sosialdepartementet og Vegdirektoratet, i tillegg til Samferdselsdepartementet.

I andre møte vil andre styresmakter og organisasjonar delta ved behov. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Henrik Jonassen/SD
Foto: Henrik Jonassen/SD
Last ned bilde

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen og Troms fylkeskommune skal samarbeide om betre vegar på Senja18.10.2018 11:00Pressemelding

- Vegnettet på Senja har store utfordringar og behov for utbetringar. Det er behov for skredsikring og fleire strekningar har svært tronge og uoversiktlige parti. Fokk og drivsnø fører ofte til at vegane må stengast om vinteren. Samstundes blir mykje av sjømaten frå Troms og Finnmark frakta på dei smale vegane på yttersida av Senja. Vi må derfor legge til rette for at vegane er i best mogleg stand for dei som brukar den, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom