Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa med ny strategi for økologisk produksjon: Skal møte forbrukarane sin etterspurnad

Del
Regjeringa legg i dag fram ein nasjonal strategi for økologisk jordbruk. Det har dei siste åra vore ein sterk vekst i etterspurnaden etter økologisk mat. Målsettinga er at økologisk produksjon skal utvikle seg i takt etterspurnaden frå forbrukarane. For å nå dette målet blir det etablert eit eige dialogforum og eit økologiprogram.
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale på synfaring på gartneriet på Bygdøy Kongsgård i samband med lansering av regjeringa sin nye økostrategi. Her saman med prosjektleiar for Gartneriet Marianne Leisner. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale på synfaring på gartneriet på Bygdøy Kongsgård i samband med lansering av regjeringa sin nye økostrategi. Her saman med prosjektleiar for Gartneriet Marianne Leisner. Foto: Landbruks- og matdepartementet

− Den sterke veksten i omsetnad av økologisk mat gir mogelegheiter for norsk bønder som vil leggja om eller auke sin økologiske produksjon. Potensialet er særlig stort for økologiske grønsaker, kornprodukt og frukt seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

I økologisk produksjon blir det stilt ekstra krav til dyrevelferd og miljø. Det er mellom anna ikkje tillate med bruk av kjemisk-syntetiske plantevernmiddel og mineralgjødsel, noko som har positiv effekt for biologisk mangfold, jordkvalitet og jordstruktur. 

− Økologisk jordbruk er ein miljøvennleg måte å produsere mat på. Økologisk jordbruk er bra for biologisk mangfald, og kunnskap frå økologiske driftsformer kan overførast og bidra til at jordbruket vert meir miljøvennleg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.  

Hovudgrepa i strategien er følgande:

  • Ta initiativ til å etablere eit dialogforum der sentrale aktørar innan økologisk produksjon, foredling, omsetnad og forbruk kan møtast for ein meir samordna innsats.  
  • Etablere eit "Økologiprogram" som med utgangspunkt i utfordringar i verdikjeda  bidreg til ein meir målretta og effektiv bruk av verkemiddel over jordbruksavtala. 

Strategien legg vidare opp til å rette innsatsen inn mot tre område: Kunnskap og kompetanse, legge til rette for økologisk produksjon og utvikling av ei effektiv verdikjede. 

− Det er utfordringar i verdikjeda, og det er viktig at dette blir tatt tak i. Vi må ha ei sterkare kobling mellom produksjon og marknad, der signala frå forbrukarane i større grad når produsentane. Difor er samarbeid og dialog gjennom heile verdikjeda eit viktig satsingsområde seier Dale. 

Ei arbeidsgruppe beståande av Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Bondelag og Økologisk Norge har utarbeida eit notat med innspel til strategien, noko som har vore eit viktig bidrag i arbeidet. Det vart òg sett ned ei referansegruppe for å sikre ei bred involvering av relevante aktørar i heile verdikjeda, det har blitt arrangert eit innspillsmøte og aktørar har blitt oppfordra til å sende inn skriftlege innspel til Landbruks- og matdepartementet. 

Satsing på økologisk jordbruk i jordbruksoppgjeret 2018

− I årets jordbruksoppgjer har partane blitt einige om ei auka satsing på økologisk jordbruk på 9,2 millioner kroner, noko som gjer ei totalt avsetning til økologisk produksjon på 172,8 millioner kroner.  Det blir òg gitt auka tilskott til økologiske grønsaker, frukt, bær og poteter samt mjølkeku seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Av dei 172,8 millioner kroner som er bevilga til økologisk produksjon og forbruk over jordbruksavtala, er 139,8 millioner kroner avsett til økologisk produksjon og marknadsutvikling (produksjonstilskott til økologisk produksjon som blir gitt i tillegg anna produksjonstilskott) og 33 millioner kroner til utviklingsmidlar innan økologisk jordbruk. Utviklingsmidla blir brukt til tiltak og prosjekt i heile verdikjeda – til å fremje både økologisk produksjon og omsetnad av økologiske produkt, og inkluderer òg 2 millioner kroner til Matmerk for informasjonsarbeid og marknadsføring av økologisk mat.

− Eit viktig tiltak i årets jordbruksavtale er at det frå 2019 skal utbetalast tilskot på areal under omlegging til økologisk drift allereie frå fyrste året. Det er eg særs nøgd med at vi har fått til. Økt økologisk areal vil bety større produksjon av norske, økologiske produkt. Det vil også komme forbrukaren til gode gjennom større utval av økologiske varer i butikken, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen. 

Bilder

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale på synfaring på gartneriet på Bygdøy Kongsgård i samband med lansering av regjeringa sin nye økostrategi. Her saman med prosjektleiar for Gartneriet Marianne Leisner. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale på synfaring på gartneriet på Bygdøy Kongsgård i samband med lansering av regjeringa sin nye økostrategi. Her saman med prosjektleiar for Gartneriet Marianne Leisner. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Last ned bilde

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye