Nærings- og fiskeridepartementet

Register over aksjeeigarar

Del

Regjeringa vil løyve 20 millionar kroner til eit rettshavarregister for å motverka kvitvasking og terrorfinansiering.

 - Vi må hindre at det finansielle systemet vårt vert utnytta for kriminelle formål. Kvitvasking og terrorfinansiering skader det økonomiske systemet og samfunnet, det avlar annan kriminalitet, minkar statens skatteinntekter og førar til konkurransevriding. Derfor er motverking og førebygging av kvitvasking viktig i arbeidet mot økonomisk og organisert kriminalitet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa arbeider med å førebygge økonomisk og organisert kriminalitet. Registeret er eit ledd i dette arbeidet. 

Formålet med registeret er å innhente, registrere, lagre og gje innsyn i opplysningar om reelle rettshavarar. Tillit er eit viktig konkurransefortrinn for norske bedrifter. Fleire opne opplysningar bidrar til å styrke konkurransesituasjonen for lovlydige bedrifter, og til auka tillit. Registeret vil blant anna bidra til fleire opne opplysningar om aksjeeigarar.

Nøkkelord

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom