Norske tog AS og den sveitsiske togprodusenten Stadler inngjekk 11. desember avtale om levering av 14 nye bimodale Flirt-tog i løpet av 2021. Bimodale tog - eller hybridtog - kan køyre med både dieselmotorar og elektrisk straum frå køyreleidning.

Framskunda levering av fleire tog enn opphaveleg planlagt
Dei nye toga skal erstatte eldre dieseltog på Trønderbanen, Meråkerbanen og Rørosbanen mellom Trondheim og Røros. 

I statsbudsjettet for 2019 blei det lagt til grunn levering av inntil 12 bimodale togsett til desse banestrekningane, med levering av to tog i 2021 og resten seinare.  Når det no er klart at 14 togsett skal inn i togtrafikken i Trøndelag i løpet av 2021, er det ei framskunda levering av fleire togsett enn opphaveleg planlagt.  

Trafikkstarten for dei nye togsetta vil avhenge av at togepratøren er ferdig med sine førebuingar for å ta toga i bruk. Innfasinga må òg bli tilpassa gjennomføringa av naudsynte tiltak i infrastrukturen, til dømes forlenging av plattformer og forsterking av straumforsyning.

Betre reiseoppleving for passasjerane 
Dieseltoga som blir byta ut i Trøndelag har nådd sin tekniske levealder, har for liten kapasitet, og er basert på ein teknologi som etter kvart gjør toga ueigna for dagens krav.

I tillegg til større ombordkapasitet, betre komfort og betre mottaksutstyr for mobilsignal, bidrar dei nye toga til å redusere risikoen for forseinkingar og innstillingar. Det nye togmateriellet vil difor gi ei betre reiseoppleving for passasjerane, samstundes som dei gjer togtilbodet i Trøndelag meir attraktivt.

Bimodale tog er meir miljøvennlege
Bimodale er godt eigna på dagens jernbanenett i Trøndelag, der mange av toga køyrer på både elektrifiserte og ikkje-elektrifiserte strekningar.

Eit bimodalt togsett ser tilnærma likt ut eit elektrisk togsett. Skilnaden er at det bimodale toget har  ei kort mellomvogn, der dieselmotorar er plasserte. Desse fungerer som generatorar og leverer straum til togets elektriske framdriftsmotorar. I fyrste omgang er det moderne og langt meir miljøvennlege dieselmotorar (Euro 6) som er aktuelle i Trøndelag, men det er mogleg å bytte ut desse med nullutsleppsteknologi seinare, til dømes hydrogen eller batteri.

Arbeidet med andre tiltak for å styrkje togtilbodet i Trøndelag held fram  
Innkjøpet av dei nye toga endrar ikkje på framdrifta for andre tiltak for å gi jernbanen i Trøndelag større konkurransekraft. I 2019 betyr det vidare utgreiing av tiltak som kan gi betre tilbod til dei reisande og fleire avgangar på Trønderbanen. Dette omfattar òg løysingar som full eller delvis elektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen. Elektrifisering i seg sjølv gir ikkje eit betre rutetilbod for pendlarane. Det er naudsynt med andre tiltak for å auke avgangsfrekvensen på Trønderbanen.   


For fleire opplysningar – sjå: