Nærings- og fiskeridepartementet

Rapport om kvinnelege leiarar

Del

Næringslivet ligg langt bak når det gjeld å rekruttere kvinnelege toppleiarar. Det kjem fram i ein ny rapport næringsminister Monica Mæland fekk i dag.

Næringsminister Monica Mæland meiner næringslivet må bli betre på å rekruttere kvinnelige leiararr. Fott: Trond VIken, NFD
Næringsminister Monica Mæland meiner næringslivet må bli betre på å rekruttere kvinnelige leiararr. Fott: Trond VIken, NFD

Det er Institutt for Samfunnsforsking som har skrive rapporten på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

– Det er flott at kvinnelege leiarar i det offentlege nå har passert 50 prosent. Det er også bra at menn og kvinner er likestilt i leiarstillingar i organisasjonane. Problemet er næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland

Rapporten viser at næringslivet ligg langt bak offentleg sektor, akademia og organisasjonane når det gjeld kvinner i toppleiarstillingar. Ein ser òg at næringslivet må satse meir på rekruttering.

Nokre bedrifter arbeider aktivt med ulike tiltak for å fremje kjønnsbalanse, medan andre er mindre opptekne av desse spørsmåla.

- Bedriftene må rett og slett ha betre planer for dette. DNB er eit godt døme på ei bedrift som arbeider systematisk for å få fleire kvinnelege leiarar. Dei har mellom anna krav om at det alltid skal vere minst 50 prosent kvinner i leiarprogramma, seier Mæland.

Institutt for Samfunnsforsking legg i rapporten fram ti forslag til tiltak og omsyn, basert på funn i rapporten, som dei meiner det bør satsast på for å betre andelen kvinnelige leiarar.

Les heile rapporten her

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Næringsminister Monica Mæland meiner næringslivet må bli betre på å rekruttere kvinnelige leiararr. Fott: Trond VIken, NFD
Næringsminister Monica Mæland meiner næringslivet må bli betre på å rekruttere kvinnelige leiararr. Fott: Trond VIken, NFD
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom