Samferdselsdepartementet

Priv. til red.: Møte med hamnene om kystruta Bergen-Kirkenes torsdag 3. mai kl. 10.30

Del

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har invitert dei 34 hamnene der kystruta har stoppestad mellom Bergen og Kirkenes til møte torsdag. Føremålet med møtet er å orientere om dei krava staten stiller som er særleg viktig for hamnene i den nye anbodsperioden (frå 1. januar 2021). Møtet er ope for pressen og blir strøyma på regjeringen.no.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen innleier møtet, før fagavdelingane orienterer. Etter det kan representantane frå hamnene stille spørsmål.

Presse som er til stades kan stille spørsmål til samferdselsministeren etter at møtet er avslutta.

Tid: Torsdag 3. mai, kl. 10.30
Stad: Akersgata 64

Møtet blir strøyma her.

For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: hj@sd.dep.no / 976 28 091

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen og Troms fylkeskommune skal samarbeide om betre vegar på Senja18.10.2018 11:00Pressemelding

- Vegnettet på Senja har store utfordringar og behov for utbetringar. Det er behov for skredsikring og fleire strekningar har svært tronge og uoversiktlige parti. Fokk og drivsnø fører ofte til at vegane må stengast om vinteren. Samstundes blir mykje av sjømaten frå Troms og Finnmark frakta på dei smale vegane på yttersida av Senja. Vi må derfor legge til rette for at vegane er i best mogleg stand for dei som brukar den, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Statsbudsjettet 2019: Satsinga på samferdsel held fram8.10.2018 10:02Pressemelding

– Regjeringas satsing på samferdsel bind landet tettare saman. Vi byggjer veg og jernbane i eit tempo som aldri før, og vi satsar på teknologi. Gjennom det skaper vi ein enklare kvardag for folk flest, styrkjer næringslivets konkurransekraft, og utvider bu- og arbeidsregionane. Regjeringa foreslår å løyve 73,1 milliardar kroner til samferdsel. Dette er ein auke på 5,4 milliardar kroner eller 7,9 prosent frå saldert budsjett 2018. Med dette forslaget har samferdselsbudsjettet auka med heile 75 prosent sidan 2013.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom