Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Toppmøte om teknologi i Trondheim

Del

Måndag 3. september inviterer statsministeren, næringsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren til teknologitoppmøte hos NTNU i Trondheim. Pressa er velkomen til å delta.

- Noreg ligg i verdstoppen i bruk av ny teknologi. Samtidig melder mange norske små og mellomstore bedrifter at det er krevjande å ta dette i bruk, blant anna fordi dei manglar rett kompetanse og kapasitet. Derfor ønsker vi perspektiva til næringslivet på digitalisering og avansert produksjon, seier statsminister Erna Solberg.

Måndag formiddag inviterer Solberg, saman med Torbjørn Røe Isaksen og Iselin Nybø, toppene i norsk næringsliv til eit møte på NTNU for å diskutere digitalisering og banebrytande teknologiar. Eit tema under møtet blir også den nye rapporten frå Digital21-gruppa, som gir 64 anbefalte digitaliseringstiltak.

- Norske bedrifter må ta i bruk dei nyaste teknologitrendane, for ikkje å gå ut på dato. Denne digitaliseringsstrategien gir oss mange anbefalingar for korleis regjeringa kan hjelpe næringslivet med nettopp det. Det blir viktig for arbeidsplassane i framtida og for å sikre et berekraftig velferdssamfunn, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

IKT og digitalisering er det området som får mest offentlege pengar til forsking og utvikling i Noreg i dag. I 2017 blei det for eksempel gitt rundt 1,2 milliardar kroner i offentleg støtte til forsking og utvikling på IKT-området gjennom Forskingsrådets program.

- Skal vi få mest mogleg ut av potensialet i digitaliseringen, må næringslivet ha tilgang til kunnskap og kompetanse av høg kvalitet. I den reviderte Langtidsplanen for forskning og høgare utdanning som regjeringa legg fram om nokre veker, vil digitalisering vere eit gjennomgåaende tema, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø.

Program måndag 3. september:

(Pressa kan vere til stades under første del av møtet til kl. 10.40, og under oppsummeringa frå kl. 11.50. )

  • Kl. 09:30 Oppmøte - seinast kl 09.30 for pressa.
  • Kl. 09:45 Pressetid. Statsministeren, næringsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren møter NTNU-studentar på stand før dei går inn i møtet (gode fotomogelegheiter).
  • Kl. 10:00 Vertskapet NTNU ønsker velkomen. Statsminister Erna Solberg talar. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen talar. 
  • Kl. 10:10 Fire innlegg frå: Morten Dalsmo, konserndirektør i Sintef Digital, og leiar for Digital21.Tore Tennøe, direktør i Teknologirådet. Anne Marit Panengstuen, administrerande direktør i Siemens Norge. Ingrid Schjølberg, professor på NTNU. Pressa forlet salen.
  • Kl. 10:40 Deltakarane delast inn i grupper på 8. Fire grupper skal diskutere "Digitalisering i næringslivet" og fire grupper skal diskutere "Avansert produksjon". Pressa ventar i eit rom ved siden av.
  • Kl 11:25 Oppsummering frå borda. Pressa kjem inn i salen igjen.
  • Kl. 11:50 Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø summerer opp. 
  • Kl 12:00 Pressetid

*Adresse: Høgskoleringen 5, hovudinngangen til Realfagbygget på NTNU. 

*Husk: ta med pressekort og godkjent ID.

Kontakter

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom