Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Skal diskutere konkurransen i daglegvaremarknaden

Del
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen samlar bransjen, organisasjonar og styresmakter for å diskutere konkurranseforholda i daglegvarebransjen.

Er prisregulering ein god idé? Eller bør marknaden få ordne opp sjølv? Det er to av spørsmåla næringsministeren vil diskutere under konferansen om konkurranseforholda i daglegvaremarknaden. 

- Ingen som handlar i butikken liker å betale for mykje. Regjeringa er bekymra for konkurransen, både blant dagligvarekjedene og blant leverandørane. Effektiv konkurranse i denne marknaden er viktig. Difor er det nyttig at bransjeaktørar og styresmakter kjem saman for å diskutere korleis vi kan sikre at konkurransen fungerer, seier nærings- og konkurranseminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kva: Nærings- og fiskeridepartementets konferanse om konkurransen i daglegvarebransjen.

Kor: Stratos, Youngstorget 2 A, Oslo

Når: Måndag 9. april 2018 klokka 9.30 – 15.00
(Næringsministeren er til stades klokka 10.00-12.00)

 

Førehandsregistrering (berre for presse):media@nfd.dep.no

 

Program

09.30   Registrering og enkel servering

10.00   Opning av konferansen v/næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

10.15   Presentasjon av rapport om etableringshindringar v/Oslo Economics

10.45   Har ulike innkjøpspriser effekt på konkurransen?

Innlegg frå Norgesgruppen, Kolonial.no, + en ytterligare innleier

Kommentar frå Ronny Gjendemsjø v/UiB.

Spørsmål/samtale          

11.45   Minglelunsj

12.30             Fører marknadsmakt i distribusjon til avgrensa konkurranse mellom daglegvarekjedane?

Innlegg frå Synnøve Finden, Virke og Norsk landbrukssamvirke.

Kommentar frå Irene Halvorsen, sjefsredaktør i Nationen

Spørsmål/samtale

13.30   Er det behov for politiske tiltak?

Innlegg frå DLF, Forbrukerrådet, Konkurransetilsynet og Circle K

Kommentar frå Ivar Pettersen, forskar ved Nibio

            Spørsmål/samtale                              

Konferansen avsluttast om lag klokka 14.30-15.00

 

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye