Presseinvitasjon: Samferdselsministeren tar kontoret ut #påsporet på Nordlandsbanen (24. og 25. januar)
Nordlandsbanen mellom Trondheim og Bodø er med sine 726 kilometer den lengste jernbanestrekninga i Noreg. Saman med statssekretær Anders B. Werp og politisk rådgjevar Rikard Gaarder Knutsen startar samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen turen i Bodø 24. januar og avsluttar på Værnes dagen etter.
- Regjeringa har store ambisjonar for jernbanen. Etter at vi overtok i 2013 har utbygging av nye prosjekt hatt full framdrift og vi har prioritert ein vesentleg auke i løyvingar til planlegging av nye prosjekt og til vedlikehald av jernbanenettet. Dette har gitt gode resultat. Nye passasjerrekordar blir fort gamle, og vi ser ei positiv utvikling for godstransporten. Vi er òg i full gang med å reformere jernbanesektoren, slik at folk og næringsliv skal få eit enda betre jernbanetilbod i framtida, seier samferdselsministeren.
Persontog, godstransport og reinsdyrpåkøyrslar
Snaue tre år har gått sidan politisk leiing i Samferdselsdepartementet køyrde dei fleste persontogstrekningane i landet.
- Erfaringane vi har gjort oss tidlegare, har bidrege sterkt til at løyvingane til vedlikehald er meir enn dobla under dagens regjering. Gjennom slike reiser får vi gode innspel frå dei som jobbar på sporet. Det bidreg til at vi gjør best mulig prioriteringar.
- No er tre år gått, og vi ønsker få eit oppdatert bilde av situasjonen. Eg har tidlegare reist på Saltenpendelen, men Nordlandsbanen er noko heilt spesielt. På denne turen skal eg òg få køyre med eit godstog og besøke fleire godsterminalar. Nordlandsbanen er viktig for varetransporten mellom Midt- og Nord-Norge.
Dessverre har enkelte område på Nordlandsbanen blitt råka av altfor mange reinsdyrpåkøyrslar den siste tida.
- Eg ser derfor fram til å møte mellom anna sametingspresidenten, fylkesmannen i Nordland og representantar for reinbeitedistrikta for å diskutere tiltak, seier Solvik-Olsen.
Program for turen på Nordlandsbanen
Onsdag 24.januar
10:30-11:30: Synfaring/orientering i Bodø om terminalspørsmål og Saltenpendelen og samtale med fylkesmann Hill-Marta Solberg om reinsdyrpåkøyrslar. Oppmøte hos Rail Combi på godsterminalen, 50 meter frå stasjonsbygget på Bodø stasjon.
11:30-12.25: Synfaring av strekninga Bodø-Fauske med lastetraktor.
12:30-13.05: Opningsmarkering og orientering på Fauske godsterminal. Oppmøte på godsterminalen i Jernbanegata 19.
13:16-16.42: Persontogtur på strekninga Fauske-Mosjøen.
16:50-17.25: Møte om reinsdyrpåkøyrslar i Mosjøen med sametingspresident Aili Keskitalo og representantar for reinbeitedistrikt og Mattilsynet på Restaurant Milano, tvers over gata for Mosjøen stasjon.
17:30-18.30: Synfaring med lastetraktor av reinsdyrutsette område saman med sametingspresidenten og representant for reinbeitedistrikt på strekninga Mosjøen-Kvalfors/Trofors-Mosjøen.
18.30-19.50: Synfaring med lastetraktor på strekninga Mosjøen-Mo i Rana, med orienteringar om utfordringar knytt til drift, vedlikehald og ras på Nordlandsbanen.
20:00-21.30: Orientering om godstrafikk på Nordlandsbanen, mellom anna ACE Green-prosjektet, Helgelandsterminalen og planlagde utbyggingstiltak i Mosjøen og Mo i Rana. Oppmøte på Helgelandsterminalen, Nordre gate 13, Mo i Rana.
21:45-23.08: Godstogtur på strekninga Mo i Rana-Mosjøen.
23:15-23.50: Synfaring og orientering på Mosjøen godsterminal. Oppmøte på Mosjøen stasjon.
Torsdag 25. januar
01:50-07.47: Nattog på strekninga Mosjøen-Trondheim.
08:10-08:42: Persontogtur på Trønderbanen på strekninga Trondheim-Værnes.
Velkomen til kontoret på sporet
Presse er velkomen til å vere med på programmet, med unnatak for turen med nattoget på strekninga Mosjøen-Trondheim og godstogturen mellom Mo i Rana og Mosjøen.
På turane med lastetraktor er det plass til nokre få personar. Samferdselsdepartementet ønsker å leggje til rette for at pressa kan vere representert om bord, men det er ikkje mogleg å garantere plass til alle journalistar og fotografar.
Pressefolk må betale billett på vanleg måte for strekningane dei er om bord på persontoga. Det same prinsippet gjeld òg for politikarar, representantar for organisasjonar, næringslivsfolk og andre som ønskjer å møte politisk leiing i Samferdselsdepartementet om bord. Når det gjeld togreisa mellom Fauske og Mosjøen, skal ein ikkje kjøpe billett på førehand, men av konduktøren i vogn 5, der samferdselsministeren med reisefølgjet kjem til å vere.
Pressefolk som ønskjer å møte politisk leiing på Nordlandsbanen, kan melde seg på til kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen i Samferdselsdepartementet, e-post: sms@sd.dep.no, mobil: 48032792.
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Nasjonal transportplan 2025–2036: Ein transportplan for vedlikehald og fornying i heile landet22.3.2024 12:22:45 CET | Pressemelding
I ny Nasjonal transportplan vrir regjeringa innsatsen i retning drift, utbetring og vedlikehald. Med planen legg regjeringa opp til å bruke 1 308 milliardar kroner over 12 år.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren og fiskeri- og havministeren presenterer ny Nasjonal transportplan18.3.2024 16:35:19 CET | Pressemelding
Priv. til red.: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth presenterer stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2025–2036.
Pressetreff på Hegra15.3.2024 17:07:28 CET | Pressemelding
Søndag 17. mars klokken 13.30 inviterer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og helseminister Ingvild Kjerkol til pressetreff ved Hegra sparebank.
Pressetreff på Arna stasjon14.3.2024 15:17:09 CET | Pressemelding
Bakgrunnsinformasjon: Fredag klokken 13.00-13.45 inviterer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum pressen til pressetreff på Arna stasjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom