Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Røe Isaksen til Telemark og Vestfold

Del
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen møter bedrifter i Porsgrunn, Skien og Stokke onsdag 25. juli. Pressa er velkommen til å delta på heile besøket.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD

- Det neste halvåret skal eg særleg fokusere på norsk industri, og skal i den forbindelse besøke industribedrifter over heile landet. Da er det naturleg at eg startar heime i Telemark, som jo har eit av dei sterkaste industrimiljøane i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa la i 2017 frem ein eigen industrimelding som blei lansert av statsministeren nettopp på Herøya industripark. Meldinga kjem med ein rekke industritiltak som næringsministeren nå jobbar med. Les meir her. 

Regjeringa har også nyleg lagt frem ein eigen datasenterstrategi, som understrekar at Noreg skal vere ein attraktiv nasjon for datasenter, og at datasenter kan bli ein viktig næring for Noreg i framtida. Les meir her.

Program

  • Kl. 08.30 – Besøk til Herøya Industripark. Vi får ein presentasjon av eit konsept for CO2-fri produksjon av magnesium, aluminium og titan. Målet er utsleppsfrie og meir effektive produksjonsmetodar. Adresse: Hydrovegen 55 i Porsgrunn.
  • Kl. 10.20 – Besøk hos Green Clean AS, ein nordisk importør og distributør av miljøvennlege produkt som kan erstatte kjemikaliar og vaskemiddel. Vaskemidla er basert på nanoteknologi. Adresse: Bedriftsvegen 42, i Skien.
  • Kl. 11.30 – Møte i Skien kommune om nyetablering av datasenter på Gromstul. Presentasjon av prosjektet v/ Leopold Løvenskiold, introduksjon av datasenter-prosjektet v/ordfører Hedda Foss Five (Ap), introduksjon om Statkraft sin rolle v/ konsernsjef Christian Rynning Tønnesen.
  • Kl. 12.30 – Synfaring på Gromstul.
  • Kl. 14.15 – Besøk hos Fosstech AS. NHO Vestfold og Telemark har foreslått at næringsministeren besøker bedrifta. Dei leverer blant annet 3D-printing, mekatronikk og kablar. Dei seier sjølv at dei er den første bedriften i Noreg med lærling innanfor støypeteknologi. Og dei har ansatt folk med doktorgrad innanfor materialteknologi. Bedriften bruker 10 prosent av omsetninga på forsking. Adresse: Borgeskogen 7 i Stokke.
  • Kl. 15.20 – Besøk hos Volmax AS. NHO Vestfold og Telemark har foreslått at næringsministeren besøker bedrifta, som er ein leverandør og forhandler av Volvo lastebilar og bussar. Bilbransjen er i ein omstilling der ny teknologi utfordrar dagens forretningsmodellar. Teknologiutviklinga skjer i ein rasende fart, som skaper utfordringar for bransjen. Adresse: Borgeskogen 46 i Stokke.

*Merk. Alle besøk er opne for pressa. Det blir gode foto- og videomogelegheiter på kvart besøk. Det kan komme endringar på tidspunkt i programmet, ta kontakt med pressekontakt for siste oppdateringar.

Kontakter

Bilder

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD
Last ned bilde
Herøya industripark. Foto: NFD
Herøya industripark. Foto: NFD
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye