Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Røe Isaksen og Ropstad til Møre og Romsdal

Del
Måndag 13. mai besøker næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad Kristiansund, Molde og Ålesund.

Dei har bedd næringslivet som dei skal besøke om råd og anbefalingar om kva som skal til for å vidareutvikle eigen industriverksemd, og råd om kva dei trur skal til for å få vekst og utvikling i norsk industri generelt.

Program

  • Kl 09:20-10:15 Besøke bedrifta Stranda Prolog AS i Kristiansund. Dei er i dag ein leiande leverandør av logistikkløysningar til oppdrettsindustrien, og aktive på produktutvikling og bruk av ny teknologi. Mogelegheiter for gode bilete.
  • Kl 11:30-12:15 Besøke næringsklyngen NCE Ikuben ved Høgskulen i Molde. Ikuben er kompetansesenter som arbeider med radikale endringar i industrien innanfor digitalisering, berekraft og forretningsmodellar. Mogelegheiter for gode bilete i Innovasjonslaben, der bedriftene kan teste ut ny teknologi og nytt utstyr.
  • Kl 12:25-13:15 Besøke bedrifta Glamox AS i Molde. Stor, tradisjonsrik bedrift med lokal forankring. Er i dag ein leiande leverandør av belysning. Tett samarbeid med Ikuben og har nytta seg av Innovasjonslaben. Mogelegheiter for gode bilete.
  • Kl 15:10-15:40 Besøke elevar på Fagskulen i Ålesund.
  • Kl 16:00-16:30 Deltek på Ungforum (digitaliseringsverkstad for ungdom) på Norsk maritimt kompetansesenter (NMK) i Ålesund. Her kjem 30-40 unge i arbeidslivet, studentar og elevar. Ungforum gir sine anbefalingar til Topplederforum morgonen 14. mai.
  • Kl 16:30-18:30 Møte i Topplederforum for digitalisering i industrien (ikkje opent for presse). Kongsberg Maritime (tidlegare Rolls-Royce Marine) er vertskap.

Pressekontakt for Røe Isaksen: Kommunikasjonsrådgjevar Christine Spersrud Haug, csh@nfd.dep.no, mobil: 97526759. 

Pressekontakt for Ropstad: statssekretær Julian Farner-Calvert på mobil: 920 40 747. 

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye