Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Møter sjømatnæringa om marknadstilgang

Del

Brexit og arbeidet med frihandelsavtalar er tema når fiskeriministeren møter sjømatnæringa onsdag 6. mars.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik.

I ei tid med brexit og økt proteksjonisme blir god marknadstilgang og handelsavtaler stadig viktigare, ikkje minst for sjømatnæringa. Regjeringa sitt mål er å styrke Noreg som sjømatnasjon og sikre norske produkt god tilgang til marknadane, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

I fjor eksporterte Noreg sjømat for 99 milliardar kroner til 146 land. I løpet av de ti siste åra har verdien av norsk sjømateksport auka 122 prosent.

Fiskeriministeren har invitert representantar frå næringsorganisasjonane i fiskeri- og havbruksnæringa, Sjømatrådet og LO til eit årleg møte om marknadstilgang. Målet er å orientere om regjeringa sitt arbeid med sjømathandel, og å få innspel frå næringa.

Dagsorden for møtet:

  • Brexit 
  • Marknadsstilgang til Kina.
  • Marknadstilgang til EU.
  • Marknadstilgang til andre marknader, inkludert Brasil og Indonesia.
  • USA – Seafood Import Monitoring Program og Marine Mammals Protection Act.
  • Orientering om bilaterale- og EFTA-forhandlingar som er i gong, nye prosessar, deriblant Kosovo, Moldova og ønska oppstart av forhandlingar med Japan.

Påmelding for presse som ønsker å delta på møtet: media@nfd.dep.no

Når: Onsdag 6. mars, kl 10:00-11:30.

Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8, Oslo.

Hugs pressekort/ID.

Kontakter

Bilder

Fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom