Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Møter sjømatnæringa om handel

Del

Fiskeriministeren inviterer sjømatnæringa til eit møte om handel og internasjonale marknader, måndag 11. juni.

Handel var eit viktig  tema då fiskeriminister Per Sandberg nyleg var i Kina.
Handel var eit viktig tema då fiskeriminister Per Sandberg nyleg var i Kina.

- Sjømat er vår nest største eksportnæring. Norsk sjømat er ettertrakta i heile verda, og vi eksporterer 95 prosent av all sjømaten vår. Men det er sterk konkurranse, og vi opplever handelspolitiske omveltingar internasjonalt, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Marknadstilgang til Kina, Brexit, EFTAs frihandelsavtaleprosessar og arbeidet med mogleg økonomisk partnarskapsavtale med Japan står på programmet når fiskeriministeren inviterer sjømatnæringa til eit årleg møte om handelspolitiske saker på måndag.

- Eg ser frem til ei gjensidig utveksling med næringa om aktuelle handelspolitiske saker. Eg meiner det er nyttig å samlast for å gjere opp status og for å sjå vidare, seier Sandberg.

Følgjande organisasjonar er invitert: Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Norsk Industri, Norsk Villfisk, Norges Sjømatråd, Norges Fiskarlag, Fiskebåt, Landsorganisasjonen Norge, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund.

Program

  • Marknadstilgang til Kina.
  • Brasil.
  • Brexit.
  • Marknadstilgang til EU.
  • USA – Seafood Import Monitoring Program og Marine Mammals Protection Act.
  • EFTAs frihandelsavtaleprosessar.
  • Arbeid med mogleg økonomisk partnarskapsavtale med Japan.

Presse som ønsker å delta på møtet kan registrere seg her: media@nfd.dep.no

Når: Måndag 11. juni kl 12:00.

Kor: Nærings. og fiskeridepartementet, Kongensgate 8, Oslo.

Kontakter

Bilder

Handel var eit viktig  tema då fiskeriminister Per Sandberg nyleg var i Kina.
Handel var eit viktig tema då fiskeriminister Per Sandberg nyleg var i Kina.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom