Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Møter Japans fiskeriminister i Austevoll  

Del

Fiskeriminister Per Sandberg møter sin japanske kollega, landbruks- og fiskeriminister Ken Saito, i Austevoll onsdag 2. mai.

Fiskeriminister Per Sandberg var i Japan i fjor. Her frå eit sushi-arrangement. Foto: Lisa Nordøen/NFD
Fiskeriminister Per Sandberg var i Japan i fjor. Her frå eit sushi-arrangement. Foto: Lisa Nordøen/NFD

- Japan er ein stor havnasjon, og ein viktig marknad for norsk sjømat. Eg ser fram til å få den japanske fiskeriministeren til Noreg, og håpar besøket vil føre til at Noreg og Japan kan samarbeide endå tettare om sjømat, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Den japanske landbruks- og fiskeriministeren Ken Saito skal besøke Noreg for å bli betre kjent med norsk fiskeri- og havbruksforvaltning. Den japanske delegasjonen skal reise til Austevoll utanfor Bergen. Saito skal også ha eit bilateralt møte med fiskeriminister Per Sandberg. Dei skal diskutere sjømathandel og norsk-japansk samarbeid innan fiskeri.

Mogelegheiter for bilete ved starten av møtet, og kommentarar etter møtet.

Kva: Møte med Japans fiskeriminister.

Når: Onsdag 2. mai, 13:20-13:50.

Kor: Halstensen holding, Bekkjarvik 66, Bekkjarvik.

Kontakter

Bilder

Fiskeriminister Per Sandberg var i Japan i fjor. Her frå eit sushi-arrangement. Foto: Lisa Nordøen/NFD
Fiskeriminister Per Sandberg var i Japan i fjor. Her frå eit sushi-arrangement. Foto: Lisa Nordøen/NFD
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom