Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Høynivåmøte for havbedrifter

Del

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og Lise Kingo i UN Global Compact samlar representantar frå styresmaktene og toppleiarar frå internasjonalt næringsliv måndag 3. juni i Oslo.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD

- Olje, fiskeri og maritim næring står for over 200 000 arbeidsplasser i Norge og dei skapar verdiar for 500 milliardar kroner i året. Men det er få inntekter og enda færre forretningsidear å hente frå eit dødt hav. Derfor er det så viktig at vi samarbeider internasjonalt om å ta vare på havet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Global Compact presenterer måndag ein handlingsplan for havet, Ocean Opportunities. Noreg har vore hovudsponsor for rapporten, som handlar om korleis havnæringane kan skape forretning av berekraftsmåla.

Global Compact er FNs initiativ for å få bedrifter til å ta samfunnsansvar. 9500 bedrifter frå 160 land deltek, og målet er at dei skal vere med på å oppfylle FNs 17 berekraftsmål.

Representantar frå styresmaktene i mellom anna Storbritannia og Japan, frå den internasjonale sjøfartsorganisasjonen  IMO og den internasjonale havbotnsmyndigheita ISA samt toppleiarar frå Equinor, DNV GL, Navios Maritime Holdings, TUI Cruises, Bakkafrost og Kongsberg Gruppen deltek på møtet.

Arrangementet er ope for pressa, møt opp i god tid for registrering. Hugs ID.

Tid: 3. juni kl. 13.00 – oppmøte presse 12.45 for registrering.

Stad: Parkveien 45, Oslo.

Pressekontakt: Seniorrådgjivar Ella Bye, tlf. 932 68 350.

Du kan lese meir om regjeringa si havsatsing her.

Bilder

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: NFD
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom