Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Fiskeriministeren signerer lakseavtale med Kina

Del

To sjømatavtaler blir signerte måndag 20. mai. Signeringa skjer i samband med besøk frå Kinas veterinær- og tollminister.

- Kina er ein av våre største vekstmarknader. Desse avtalane er viktige for norske sjømatbedrifter. Auken i sjømatkonsumet i Kina er større enn heile den årlege produksjonen i Noreg. Det seier litt om kor viktig dette landet er, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Måndag signerer fiskeriministeren lakseprotokollen med Kinas toll- og veterinærminister Ni Yuefeng. Avtalen blei første gong signert i Kina i 2017. Lakseprotokollen varer i to år, og bidrar til at handelen med laks blir meir føreseieleg.

Noreg og Kina er også blitt einige om ein avtale som skal medverke til å sikre marknadsåtgang i Kina for norsk fiskemjøl og – olje. Det er stor interesse for handel med slike varer,både hos norske og kinesiske aktørar. Protokollen blir signert av adm. direktør Harald Gjein i Mattilsynet. 

Pressa kan ta bilete av signeringa, og fiskeriministeren er tilgjengeleg for kommentarar i etterkant.

Journalistar som ønsker å delta må melde seg på til media@nfd.dep.no Hugs ID.

Når: Måndag 20. mai, kl. 10:30.

Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8.

Du kan lese meir om besøket frå den kinesiske delegasjonen her.

 

Kontakter

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom