Nærings- og fiskeridepartementetNærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Ber om innspel til stortingsmelding om helsenæringa

Del

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og næringsminister Monica Mæland inviterer til møte om den nye stortingsmeldinga om helsenæringa, fredag 11. august.

Næringsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: NFD/Håkon Jacobsen
Næringsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: NFD/Håkon Jacobsen

Regjeringa arbeidar med ei ny stortingsmelding om helsenæringa. Mæland og Høie ønsker å høyre kva aktørane i helsesektoren og næringslivet sjølv meiner regjeringa bør legge vekt på i meldinga. 

 – Helsenæringa gir dobbel gevinst. Næringa bidrar til velferd og helse, og skaper verdiar og arbeidsplasser. Vi er heilt avhengige av at kommunar og sjukehus jobbar saman med næringslivet for å fornye eldreomsorgen og skape framtidas helse- og omsorgstenester. Næringslivet er ein del av løysinga, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Ei sentral føring for meldinga vil være at gode helsetenester og velferd, og næringsutvikling og verdiskaping, heng saman.

 –  Framtidas helse- og omsorgstenester vil gi store mogelegheiter for næringslivet. Vi har kompetansemiljø i verdsklasse og det investeras store summar i forsking innan helse og omsorg. Det er viktig at dette også fører til kommersialisering og verdiskaping, seier næringsminister Monica Mæland.

Aktørar frå næringslivet, verkemiddelapparatet, helsetenesten og offentlege styresmakter deltek på møtet, mellom andre Katrine Myhre i Norway Health Tech, Ketil Widerberg i Oslo Cancer Cluster, Karita Bekkemellem i Legemiddelindustriforeningen og Håkon Haugli i Abelia.

Møtet vil bli strøyma direkte på verdsveven her.

Når: Fredag 11. august klokka 09:00-10:30.

Kor: Medical Growth House, Forskningsparken, Gaustadalleen 21, Oslo.

Påmelding (kun for presse): media@nfd.dep.no

Nøkkelord

Kontakter

For Høie: Kommunikasjonsrådgjevar Cathrine Slaaen i Helse- og omsorgsdepartementet, cathrine.slaaen@hod.dep.no, 97677247.

For Mæland: Kommunikasjonsrådgjevar Martine Røiseland i Nærings- og fiskeridepartementet, mrd@nfd.dep.no, 97055024.

Bilder

Næringsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: NFD/Håkon Jacobsen
Næringsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: NFD/Håkon Jacobsen
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr