Kulturminnefondet

Over to millionar til private kulturminne i Sogn og Fjordane

Del
Ni eigarar i Sogn og Fjordane kan gleda seg over 2,2 millionar kroner i støtte til sine kulturminne gjennom Kulturminnefondets første tildelingar i år.
Feigum er eit sagbruk frå 1700-tallet, som blei bygd om og på frå oppgangssag til vanlig vanndrive sagbruk på 1900-tallet. Sagen inngår som et element i eit større industrimiljø ved utløpet av elva Feiga. Eigarane av Feigum har fleire gangar fått støtte frå Kulturminnefondet, og i år har dei fått like over 600.000 kroner til mølla på staden. (Foto: Kjell Feigum)

Kulturminnefondet har slutta med ei årleg søknadsfrist, og gjev no støtte til kulturminne over heile landet kontinuerleg i 2019.

I årets første kvartal er det behandla 488 søknader, der det er søkt om 220 millionar kroner til saman. 283 prosjekt har blitt gjeve støtte, men ei samla sum på nesten 58 millionar kroner.

- Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta var på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Det er svært gode tilbakemeldingar på løypande behandling av søknadar frå private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne, og tida Kulturminnefondet brukar på saksbehandling har gått kraftig ned.

- Innføringa av løypande søknadsbehandling har skjedd etter forslag frå eigarane av kulturminna. Eg er svært tilfreds med at det no fører til enklare søknadsbehandling og raskare saksbehandlingstid, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Lista over dei som har fått støtte i Sogn og Fjordane:

(Prosjekt, søker, kommune, tilskot)

  • Skykkja på Øvre Tveit, Peder Tveit, Askvoll, 56.000
  • Det gamle tunet på Høgi - stabburet, Merete Høgi, Luster, 280.000
  • Løa på Dragsvik, Anne Randi Farnes, Balestrand, 120.000
  • Feigum mølle, Kjell Feigum, Luster, 633.000
  • Gamlebua i Stavang, André Haave, Flora, 100.000
  • Låve/fjøs Remmedalen, Olav Kandal, Eid, 350.000
  • Naustet i Skjerdalen, Arne Skjerdal, Gloppen, 200.000
  • Naust, Alf Tore Hommedal, Vik, 300.000
  • Lagerhus på Ålrek, Ragnar Alrek, Vik, 140.000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Feigum er eit sagbruk frå 1700-tallet, som blei bygd om og på frå oppgangssag til vanlig vanndrive sagbruk på 1900-tallet. Sagen inngår som et element i eit større industrimiljø ved utløpet av elva Feiga. Eigarane av Feigum har fleire gangar fått støtte frå Kulturminnefondet, og i år har dei fått like over 600.000 kroner til mølla på staden. (Foto: Kjell Feigum)
Feigum er eit sagbruk frå 1700-tallet, som blei bygd om og på frå oppgangssag til vanlig vanndrive sagbruk på 1900-tallet. Sagen inngår som et element i eit større industrimiljø ved utløpet av elva Feiga. Eigarane av Feigum har fleire gangar fått støtte frå Kulturminnefondet, og i år har dei fått like over 600.000 kroner til mølla på staden. (Foto: Kjell Feigum)
Last ned bilde

Lenker

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye