Unio

Outsourcing av IKT: – Risiko for låg kvalitet og prosjekthavari

Del

– Kostnadsinnsparingane ved å outsource til utlandet er ofte ikkje til stades, og risikoen for låg kvalitet og prosjekthavari aukar, seier professor Magne Jørgensen i siste utgåve av hovudorganisasjonen Unios nettmagasin I Front. – Mange offentlege IT-miljø er sterkt svekte av outsourcing. Dette råkar tryggleiken vår. Men det verkar som om me står overfor ei tverrpolitisk handlingslamming, seier leiar Ragnhild Lied i Unio.

Unio-leiar Ragnhild Lied.
Unio-leiar Ragnhild Lied.

Ragnhild Lied er blant dei som i forkant åtvara mot den risikoen som førte til datalekkasjane frå Helse Sør-Øst, og som nyleg førte til ei nasjonal tryggleikskrise i Sverige.
– I Noreg har me sett korleis landet gradvis vert tappa for IKT-kompetanse og arbeidsplassar, og korleis det blir spelt hasard med tryggleiken, seier Lied til I Front.
Unio meiner det er på høg tid å byggje kompetansen heime, og får støtte av IKT-Norge og Nasjonal sikkerhetsmyndigheit.

Unio-leiaren sin kritikk mot IKT-outsourcing får støtte av ei rekkje fagfolk, organisasjonar og myndigheiter som I Front har snakka med.
– Kostnadsinnsparingane er ofte ikkje til stades, og risikoen for låg kvalitet og prosjekthavari aukar, meiner professor Magne Jørgensen ved Simula-senteret på Universitetet i Oslo. Han forskar på suksesskriteria for offentlege IT-prosjekt, og er medlem i Digitaliseringsrådet, statens eige hjelpeorgan for store offentlege IT-prosjekt.
Unio-leiar Ragnhild Lied meiner tida er inne for å lage ein nasjonal strategi for å unngå fleire store IKT-skandalar.
– Det ser ut til at både forskarar, fagmiljø og organisasjonar er samde om at IKT-tryggleiken ikkje toler for mykje utkontraktering. Då må staten kunne verte meir tydeleg på dette området. Me må òg kunne stille krav som gjeld IKT-tenester i store verksemder der staten har kontroll, seier Lied.


Heile artikkelen kan lesast her:
https://www.unio.no/no/i-front/nr-4---2017

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Unio-leiar Ragnhild Lied.
Unio-leiar Ragnhild Lied.
Last ned bilde

Lenker

Om Unio

Unio
Unio
Stortingsgata 2
0158 Oslo

22 70 88 50http://www.unio.no

Unio er Norges nest største hovedorganisasjon med om lag 350 000 medlemmer. Unio er partipolitisk uavhengig, og er en aktiv aktør i arbeidslivspolitikken med et bredt samfunnsengasjement. Vi er opptatt av at offentlige tjenester har god kvalitet. For å oppnå dette er mer penger til tjenestene, økt bruk av kvalifisert personell og bedre lønnsuttelling for utdanning og kompetanse avgjørende. Unio er en pådriver for at en størst mulig del av befolkningen er sysselsatt og at arbeidslivet legger til rette for inkludering og likestilling.

Følg saker fra Unio

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Unio på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Unio

Eldre i Oslo blir prioritert i kommunens budsjettforslag27.9.2017 14:58Pressemelding

I forslag til neste års budsjett i Oslo foreslås det en økning i antall årsverk i hjemmetjenesten og i sykehjemmene. - Jeg forventer at dette vil føre til økt antall sykepleierstillinger både i sykehjemmene og i hjemmetjenestene, sier Line Orlund, fylkesleder i Norsk sykepleierforbund i Oslo (NSF Oslo). Orlund sier videre at endelig får tjenestene til de eldre et kompetanseløft som forbundet har etterlyst i flere år.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom