Forsvarsbygg

Nytt vegkryss E6 Heggelia, Målselv kommune

Del
No flyt trafikken mellom E6 og militærleirane på Bardufoss og i Heggelia på ein sikker og kontrollert måte med ei stor rundkøyring.
Nytt veikryss på E6 I Heggelia.
Nytt veikryss på E6 I Heggelia.

Den store utbygginga i Bardufoss leir dei siste åra førte til stor trafikkbelastning i krysset i Heggelia. Krysset hadde avkøyring inn til to militærleirar, eit kapell, kino og bibliotek og dessutan eit stort bustadområde. Dette gjorde at Målselv kommune og Statens Vegvesen stilte krav til Forsvarsbygg om utbetring av krysset før vidare utbygging hjå leirområdet i Rusta. 

Sidan dette òg vil gje ei generell standarsheving av E6 i Heggelia-området vart det inngått ei avtale om kostnadsdeling mellom Forsvarsbygg og Statens vegvesen, der Statens Vegvesen dekker 40% av kostnadene knytt til arbeida som femnar E6 .

God trafikkavvikling

- Vi har i dette prosjektet jobba i nært samarbeid med Statens Vegvesen og Målselv kommune om god avvikling av trafikken i det som var eit vanskeleg vegkryss. Her er det lagt til rette for at den militære trafikken med tunge køyretøy, busstopp og avkøyringar til bustader og næringsverksemd skjer på ein sikker måte, seier Knut Helge Grimstad, prosjektleiar i Forsvarsbygg. 

Dialog med naboar

I anleggsperioden frå november 2017 til september 2018 har det i periodar vore naudsynt med ein ein viss omlegging av trafikken. Trafikken på E6 har vore lysregulert i perioden juni-august.    

- Vi har vore i tett dialog med Sparbutikken og Circle K, då dei har vore noko råka av trafikkavviklinga.  Dei har vore imøtekommande og tolmodige medan det har stått på som verst, seier Grimstad.

FAKTUM OM PROSJEKTET

 PROSJEKTADMINISTRASJON

Oppdragsgivar: Forsvarsdepartementet, i samarbeid med Samferdselsdepartementet
Byggherre: Forsvarsbygg
Prosjektleiar: Knut Helge Grimstad
Byggjeleiing: SWECO Noreg AS

ENTREPRENØR

Målselv Maskin & Transport AS: Kontraktssum 27,5 mill. kr. Inkl mva.

OM PROSJEKTET

  • Bygging av 350 meter ny E6 (miljøgate) inkl. nytt vegkryss i form av rundkøyring
  • Bygging av nytt overvassanlegg
  • Fornying av kommunal hovudvassledning gjennom anleggsområdet
  • Omleggingar og fornying av høgspent- og telekablar i området, m.a. legging av ca. 6500m trekkrøyr i diverse dimensjonar.
  • Fornying av veglysanlegget
  • Bygging av ny åtkomstveg og port til Heggelia leir
  • Etablering av nytt grøntanlegg mellom rundkøyringa og kapellet, inkl. parkeringsplass.
  • Ferdig september 2018
  • Prosjektkostnad: 41 MNOK

PROSJEKTERANDE
Asplan Viak, med bistand frå Statens Vegvesen.

Nøkkelord

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

Nytt veikryss på E6 I Heggelia.
Nytt veikryss på E6 I Heggelia.
Last ned bilde

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye