Nærings- og fiskeridepartementet

Nytt blått senter til Tromsø

Del
Regjeringa opprettar 1. januar 2018 eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål som skal ligge i FRAM-senteret i Tromsø.

- Senteret skal involvere alle nasjonale fagmiljø som er opptekne av hav og arktiske spørsmål, og det vil få ei viktig rolle i å hjelpe oss med å ta vegval og leggje strategiar for å vidareutvikle den blå økonomien, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner i 2018 til eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål. Senteret skal byggje på gjeldande kunnskap og forsking, samanstille og analysere denne, og formidle resultata til eit nasjonalt og internasjonalt publikum.

- Vi opplever store endringar knytt til klima, miljø, demografi, økonomi og teknologi som påverkar grunnlaget for hausting og verdiskaping i nordområda og i Arktis. Det er behov for meir tverrfaglege analysar av korleis Noreg sine interesser og handlingsrom som hav- og kystnasjon blir påverka, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Det nye senteret skal organiserast under leiing av ei styringsgruppe som er sett saman av representantar frå UIT, Havforskingsinstituttet, Polarinstituttet, Akvaplan-Niva, Nofima og Innovasjon Noreg. Desse vil få i oppgåve å utarbeide arbeidsplan og modell for styring, leiing, organisering og drift av det nye senteret. Nofima skal vere sekretariat for det nye senteret.

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye