Samferdselsdepartementet

Nye reglar skal hindre juks på verkstad og i transportbransjen

Del

– Regjeringa jobbar for trafikksikre køyretøy og ei seriøs transportbransje. Difor innfører vi no nye reglar som vil betre kontrollen på bilverksted og kvaliteten på kontrollane. Det blir også strengare reglar for fartsskrivarar som registrerer køyre- og kviletid i tunge køyretøy. Desse tek til å gjelde i dag, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regelendringane inneber mellom anna strengare krav til verkstader og kontrollørar som utfører PKK-kontroll. Endringane heng saman med nye europeiske reglar på området.

– Du skal kunne føle deg trygg når du leverer bilen din inn på ein verkstad. Både på at dei som jobbar der veit kva dei gjer, men også på at dei følgjer alle lovar og reglar. Vi skjerpar no krava til godkjenning, kompetanse og tilsyn med verksemder som gjennomfører periodisk kontroll av køyretøy og dei tilsette i kontrollorgana, seier Dale.

Skjerpa kontroll av fartsskrivaren

Det skal også bli vanskelegare å jukse med fartsskrivaren som registrerer køyre- og kviletid i tunge køyretøy. Det blir det mellom anna skjerpa krav til kontroll av fartsskrivaren og til godkjenning og tilsyn med fartsskrivarverksemdene. Det blir også lovfesta at kontrollane langs veg skal være baserte på risiko. Regelendringane gjeld også på køyretøyverkstader som ikkje er kontrollorgan eller fartsskrivarverkstad.

– Målet er å sikre god kvalitet på tenestene verkstadene leverer gjennom krav til godkjenning og tilsyn, og å hindre ulovleg arbeid på motorvogn. Dette vil gje betre tryggleik for bileigarane, dei seriøse aktørane i bransjen, og for andre trafikantar, seier Dale.

For meir informasjon, sjå vegvesen.no.

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen og Troms fylkeskommune skal samarbeide om betre vegar på Senja18.10.2018 11:00Pressemelding

- Vegnettet på Senja har store utfordringar og behov for utbetringar. Det er behov for skredsikring og fleire strekningar har svært tronge og uoversiktlige parti. Fokk og drivsnø fører ofte til at vegane må stengast om vinteren. Samstundes blir mykje av sjømaten frå Troms og Finnmark frakta på dei smale vegane på yttersida av Senja. Vi må derfor legge til rette for at vegane er i best mogleg stand for dei som brukar den, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom