Forsvarsbygg

Nye familiebustader på Setermoen

Del
Forsvaret har fått nye familiebustader plassert på Brinken på Setermoen.

Som eit ledd i å fornya bustadane til Forsvaret i indre Troms fekk vi i 2016 i oppdrag frå Forsvarsdepartementet å bygge 24 nye leilegheiter og tre garasjebygg. Dei nye bustadene erstattar ti gamle bustader som stod på dei same tomtene, og som difor måtte rivast før bygging kunne starta.

- Oppgåva vår er å levera dei riktige bustadane som Forsvaret treng for å kunna øva, trena og bu. No er dei klar til innflytting, fortel prosjektleiar Knut-Helge Grimstad.

Etter gjennomførde konkurransar vart det i desember 2016 inngått kontraktar på både rivning og bygging av nye bustader. Bygginga starta i mars 2017 og er fullført som planlagt i september 2018 .  

Det er firmaet Byggmeister Bengt Andersen AS, frå Alta som har oppført bustadane, og rivningen av dei gamle bustadene hadde SP Maskin AS i Harstad. Byggjeleiinga hadde SWECO Noreg AS.

OM PROSJEKTET

  • Rivning av fire gamle bygningar frå 1950-talet, beståande av ti leilegheiter.
  • Bygging av tre nye boligkompleks med åtte leilegheiter i kvart bygg, med passivhus standard.
  • Bygging av tre garasjebygg som gjev ein garasjeplass m/sportsbod til kvar leilegheit.
  • Kvar leilegheit har to soverom, og dei har eit nytteareal på ca. 70 m2 . 
  • Ved tilknyting av vatn og avløp (VA) hadde eksisterande anlegg så dårleg kvalitet at det vart naudsynt å fornya delar av eksisterande VA-anlegg i Brinkenveien. 
  • Bustadene er knytt til fjernvarmeanlegg.
  • Prosjektkostnadane er samla på om lag 75 mill. kr inkl. mva.   

PROSJEKTADMINISTRASJON

Oppdragsgivar: Forsvarsdepartementet
Byggherre: Forsvarsbygg
Prosjektleiar: Knut Helge Grimstad
Byggjeleiing: SWECO Noreg AS

ENTREPRENØRAR

Rivning: SP Maskin AS, Harstad. Kontraktssum 1,3 mill.kr. inkl. mva.
Bygging: Byggmeister Bengt Andersen AS, Alta. Kontraktssum 60,4 mill.kr. inkl. mva.

PROSJEKTERANDE

Verte Landskap og arkitektur AS

Nøkkelord

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

Lenker

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye