Samferdselsdepartementet

Nydalsbrua: No får Trondheim ny bru over Nidelva

Del
Nydalsbrua på Sluppen vil gje betre framkome for mange og er eit viktig prosjekt for Trondheimsområdet. No startar arbeidet, og staten tek største delen av kostnadane for brua, som opnar i 2022/2023.

– Nydalsbrua blir ein viktig del av vegsystemet rundt Trondheim. Dagens bru er i svært dårleg stand, og det er flott at vi no kan erstatte ho, seier samferdselsminister Jon Georg Dale som i dag la fram eit forslag til Stortinget om prosjektet.

Kostnadane er rekna til totalt 1 220 millionar kroner. Staten vil bidra med 855 millionar kroner.

Nydalsbrua med tilknytingar er eit riksvegprosjektet. Det omfattar mellom anna ny firefelts bru over Nidelva og ombygging av dagens bru til gang- og sykkelvegbru. Mange trafikantgrupper vil få betre framkome, og av forslaget til Stortinget som vart lagt fram i dag går det fram at dette er eit viktig prosjekt for det samla transportsystemet i og rundt Trondheim.

Det ligg no til rette for anleggsstart tidleg i 2020. Førebuande arbeid tek til i løpet av året. Etter planane kan det gå trafikk over brua i 2022/2023.

Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune har slutta seg til å forskotere midlar til prosjektet innanfor Miljøpakke Trondheim. I bymiljøavtalen til Trondheim for perioden 2016-2023 ligg det no inne eit statleg bidrag på om lag 4 milliardar kroner til kollektivtransport-, sykkel- og gangetiltak. Det er forhandla fram eit nytt utkast til avtale for perioden fram til 2029 med eit statlig bidrag på heile 8 milliardar kroner. Avtaleutkastet er no til lokalpolitisk handsaming.

For fleire opplysningar sjå Prop. 110 S (2018-2019) Nokre saker om veg, jernbane og post

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye