Ny postlov: Post annankvar dag i vekedagane – økonomisk støtte til omstilling i distriktsaviser i ein overgangsperiode
Sidan 1999 har brevvolumet gått ned med 65 prosent, og det er venta ein ny nedgang på nær 60 prosent fram til 2025. Medan inntektene frå postomdelinga har gått ned, er utgiftene for Posten i stor grad dei same. Utan endringar i postomdelinga risikerer staten å bruke stadig meir skattepengar på å køyre postbilar med stadig mindre post. I år kjøper staten post- og banktenester for nær 620 millionar kroner. Å vidareføre dagens ordning med postomdeling fem dagar i veka er anslått til å koste staten minst ein milliard kroner i året frå 2025.
Omdeling av post 2,5 dagar i veka vil i praksis bety at posten kjem annankvar dag på vekedagane, det vil seie måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den neste.
Tilbodet om Post i Butikk vil fungere som i dag. Det betyr at ein framleis kan sende og motta post og pakkar dagleg, med same forventa leveringstid som i dag. Det same gjeld for levering til postboks. Den nye loven medfører heller ikkje endringar for regelverket om avstand til postkasser.
Regjeringa tek sikte på at endringa i postloven skal tre i kraft frå 1. juli 2020.
Vil hjelpe aviser med digitalisering og omstilling i ein overgangsperiode
85 prosent av aviseksemplara i abonnement blir distribuert av avisbransjens eigne avisbod. I område utan eigne avisbodnett har dei resterande 15 prosent av aviseksemplara blitt leverte av Posten på kvardagar. Frå november 2016 har Easy2You (tidlegare Kvikkas) levert aviser på laurdagar i område utan avisbodnett.
Færre omdelingsdagar for post gjer at avisabonnentar i område utan eigne avisbodnett risikerer å ikkje får levert avisa den dagen den kjem ut.
- Det er viktig for regjeringa å bidra til mediemangfoldet i landet vårt, og vi vil difor innføre ei ordning der staten kjøper avisombering i desse områda på tre faste vekedagar - tysdag, torsdag og laurdag - i tre år frå lova trer i kraft. Til saman vil dette koste om lag 750 millionar kroner på dei tre åra, seier Dale.
Regjeringa legg òg opp til å auke mediestøtta.
- I tillegg til å sikre distribusjon av aviser tre dagar i veka over heile landet, tek regjeringa sikte på å auke mediestøtteordninga med 10 millionar kroner dei neste åra. Pengane skal gå til omstilling og digitalisering i ein overgangsperiode. Aviser som blir særskilt råka av endringar i postloven vil bli prioriterte. Med desse ordningane hjelper vi mediebransjen med digitaliseringa, seier samferdselsministeren.
For fleire opplysningar – sjå:
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fem forskningsprosjekter får penger fra Samferdselsdepartementet17.4.2024 12:10:41 CEST | Pressemelding
Av-ising av nullutslippfly og datadrevet salting av vei er to av teknologiprosjektene som nå får penger fra Samferdselsdepartementet. Det er Forskningsrådet som har utpekt de fem prosjektene, som får 40 millioner kroner.
Regjeringen med penger til Bodø og Ålesund16.4.2024 11:11:48 CEST | Pressemelding
– Regjeringen har satt av i 31 millioner kroner til mindre byer utenfor ordningen med byvekstavtaler. Dette er et løft for at Bodø og Ålesund skal bli grønnere byer med bedre fremkommelighet, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel5.4.2024 12:00:16 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.
Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område5.4.2024 11:59:27 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom