Ny og meir vintersikker veg mellom Bergen og Oslo opna
– Vegen over Filefjell er no vintersikra, og bind landet saman frå aust til vest. Vegen er med på å halde Noreg i gang, difor er dette viktig for heile landet. No kan gods og folk kome seg tryggare fram over denne fjellovergangen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Utbetringane har totalt kosta 3,44 milliardar kroner, og blei 10 prosent rimelegare enn planlagt.
Utbygginga av E16 Filefjell har gitt betre regularitet over fjellet om vinteren. Etter at dei mest kritiske partia vart utbetra i 2017 har det vore mindre behov for kolonnekøyring.
– Både gode veger og fornuftig ressursbruk er viktig. Statens vegvesen har med dette prosjektet lukkast med begge deler, seier Hareide.
Nye E16 ligg i omtrent same trasé som tidlegare veg, med unnatak av tunnelane. Det er difor berre om lag 1,5 kilometer innkorting. I køyretid er det derimot vesentleg innsparing sidan betre vegstandard gir høgare gjennomsnittsfart.
Fakta
- Prosjekt E16 Filefjell går frå Øye i Vang kommune over Filefjell, 992 meter over havet og ned til Borlaug i Lærdal kommune.
- Strekninga er 40 kilometer lang og inneheld tre tunnelar på til saman 12 kilometer.
- Dei tre siste vintrane har E16 Filefjell vore kolonnekøyrd eller stengd i 130 timar til saman, mot 779 timar på Hemsedalsfjellet, 1681 timar på Haukelifjell og 1066 timar på Strynefjellet.
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fem forskningsprosjekter får penger fra Samferdselsdepartementet17.4.2024 12:10:41 CEST | Pressemelding
Av-ising av nullutslippfly og datadrevet salting av vei er to av teknologiprosjektene som nå får penger fra Samferdselsdepartementet. Det er Forskningsrådet som har utpekt de fem prosjektene, som får 40 millioner kroner.
Regjeringen med penger til Bodø og Ålesund16.4.2024 11:11:48 CEST | Pressemelding
– Regjeringen har satt av i 31 millioner kroner til mindre byer utenfor ordningen med byvekstavtaler. Dette er et løft for at Bodø og Ålesund skal bli grønnere byer med bedre fremkommelighet, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel5.4.2024 12:00:16 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.
Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område5.4.2024 11:59:27 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom