Samferdselsdepartementet

Ny Nasjonal transportplan: Solvik-Olsen til Trøndelag for å få innspel

Del

- Heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk, auka vedlikehaldsinnsats og ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er viktige stikkord for ny Nasjonal transportplan. Vi er i full gang med å samle inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet, og no står Trøndelag for tur. Nasjonal transportplan skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050. Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at han måndag 2. mai reiser til Trøndelag. På programmet står mellom anna eit innspelsmøte for næringslivet om ny Nasjonal transportplan (NTP) i regi av NHO. NTP-turneen til politisk leiing i Samferdselsdepartementet starta i april i år med ei reise til Agder-fylka. Trøndelag er fjerde stopp på programmet.

- Det er særleg viktig at næringsliv og politikarar i regionane hjelper oss med å prioritere dei viktigaste prosjekta fyrst, samstundes som alt skal passe inn i ein samanheng på lang sikt. Som regel er det fleire ønskje om prosjekt enn det ein klarer gjennomføre på få år, og  vi skal leggje fram ein transportplan for heile landet. Erfaringane viser at i dei tilfella der ein region ikkje sjølv klarer å prioritere, så blir den jobben likevel gjort, men då av politikarar frå andre delar av landet, seier samferdselsministeren. 

Program for samferdselsministeren
På turen til Trøndelag 2. mai har samferdselsministeren følgjande program:  

09.30-12.00 - Innspels- og høyringsmøte om NTP 2018-2029. Stad: Isak D. Westgaard AS, Industrivegen 13, Stjørdal – sjå eige program

13.00–14.00 - SINTEF: Framtidas transportsystem og elektronisk kommunikasjon, Power Roads og Elingo-prosjektet. Stad: Styrerommet, Hovudbygninga på NTNU, Høgskoleringen 1, Trondheim.

14.00-15.00 - NTNU:  E39 – trygg konstruksjon av brukonsept med lange spenn, kontraktstrategiar, vedlikehaldsoptimering, transport- og miljøanalysar. Stad: Same som for SINTEF.

15.10-16.00 - Enovas arbeid med energi- og klimatiltak for transportsektoren. Stad: Professor Brochs gate 2, Trondheim.

17.00-18.00 - Synfaring av bygginga av ny jernbanebru over Stjørdalselva. For oppmøtestad – ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar i Jernbaneverket Stig Herjaune, e-post: stig@jbv.no, tlf.: 474 84 763. Presse må ha med seg godkjent vernetøy og vernesko. 

Journalistar og fotografar er velkomne til å delta på alle postane. Pressekontakt for samferdselsministeren på turen er Edvard Andersen, Kommunikasjonseininga, Samferdselsdepartementet, tlf.: 905 11 667, e-post: edvard.andersen@sd.dep.no

 
For fleire opplysningar – sjå:

Følg debatten om NTP på Twitter: #transportplan og #ntp

Send oss gjerne innspel på Facebook

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Jernbanereformen: Konkurransen om Trafikkpakke 1 Sør: Bedre togtilbud på Sørlands-, Jær- og Arendalsbanen12.10.2017 13:53Pressemelding

- Regjeringen har en offensiv satsing på jernbanen, med mål om et stadig bedre tilbud til de reisende. Konkurranse om driften av persontogtilbudene er en viktig del av regjeringens jernbanereform. Dette vil kunne bidra til et bedre togtilbud og sikrer at staten kjøper togtjenester til riktig pris. I dag har Jernbanedirektoratet sendt ut konkurransegrunnlaget for Trafikkpakke 1 Sør, som omfatter togtilbudene på Sørlandet. Vi er opptatt av å høste erfaringer og lære underveis, og derfor skal konkurransene om de øvrige persontogtilbudene lyses ut suksessivt de kommende årene, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom