Samferdselsdepartementet

Ny anbodskonkurranse om omdeling av laurdagsaviser i distrikta

Del
- Mediebruken er i rask endring. Stadig fleire bruker digitale plattformer for å halde seg oppdaterte på nyhendebiletet, men for mange er papiravisa framleis viktig. Vi sørgjer for at folk over heile landet kan få avisa si på laurdagar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet inviterer i dag til anbodskonkurranse om ny kontrakt om laurdagsomdeling av aviser i område utan avisbodnett. Kontrakten skal gjelde for ein periode på 14 månader frå 10. november 2018, og departementet skal ha opsjon på forlenging på ytterlegare 12 månader.

Konkurransen omfattar nær 10 prosent av laurdagsavisene i abonnement
Over 90 prosent av laurdagsvisene i abonnement blir distribuerte av eigne avisbodnett. Dette skjer i hovudsak gjennom selskapet helthjem Mediapost, som dei store mediehusa i Noreg eig. helthjem og andre selskap finn det ikkje lønsamt å omdele aviser i heile landet.

Då Posten slutta å omdele post på laurdagar i 2016, sikra staten at distribusjon av laurdagsaviser i abonnement i område utan eigne avisbodnett skulle halde fram. Etter ein anbodskonkurranse skreiv Samferdselsdepartementet sommaren 2016 under ein kontrakt med Kvikkas AS om distribusjon for perioden 5. november 2016 til 3. november 2018. Dette har sikra at folk i distriktsområde utan eigne avisbodnett har fått papiravisa på laurdagar. 

Aviser og andre instansar har gitt innspel om dekningsområde
Dekningsområdet i den nye konkurransen tek mellom anna utgangspunkt i tilbakemeldingar frå eit dekningsutval som Kvikkas og representantar frå mediehusa Schibsted, Amedia og Polaris har oppretta. Målet har vore å avklare fordelinga i einskilde område der det har vore uklart om Kvikkas eller avisbodnetta har ansvaret for omdeling av laurdagsavisene. Partane meldte 20. oktober 2017 tilbake til Samferdselsdepartementet at dei då ikkje kjente til fleire uavklarte område. 

I tillegg avspeglar dekningsområdet informasjon som Samferdselsdepartementet har fått i den offentlege høyringsrunden om forslag til dekningsområde for den nye kontrakten om omdeling av laurdagsaviser. På bakgrunn av høyringsfråsegnene er det gjort einskilde endringar i dekningsområdet.

Vidare framdrift
Fristen for innlevering av anbod er 4. mai 2018. Samferdselsdepartementet legg opp til å offentleggjere vinnaren av anbodskonkurransen i juli 2018.


For fleire opplysningar – sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye