Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE tilrår ny høgaste regulerte vasstand og nytt manøvreringsreglement for Litlevatn og Mosvatn

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Tussa Energi AS nytt manøvreringsreglement for regulering av Litlevatn og Mosvatn i kommunane Ulstein og Hareid i Møre og Romsdal. Endringa omfattar ei senking av høgaste regulerte vasstand i Litlevatn og Mosvatn med høvesvis 2,0 og 1,4 meter.

Bakgrunnen for søknaden er at dammane ikkje fyller krava i damsikkerhetsforskrifta. Ut frå Tussa Energi sine berekningar, er ei senking av høgaste regulerte vasstand i Litlevatn og Mosvatn den beste løysninga. I tillegg skal det byggast ein ny dam ved Litlevatn, som skal erstatte den gamle dammen. Flomløpet i Mosevatn vert og utvida.

Dei største negative verknadane av tiltaka, vil etter NVE si vurdering vera knytt til varig tørrlegging av de tidlegare reguleringssonene og anleggsarbeid i eit attraktivt turområde. Alternativet til senking av reguleringshøgda i Litlevatn og Mosvatn er ei nedlegging av damanlegga, eller ei omfattande rehabilitering av dammane, noko NVE vurderer som ei dårlegare løysing for landskapet. NVE har lagt vekt på at tiltaka som Tussa Energi AS har søkt om, er ei teknisk og økonomisk gunstig løysing for ombygging og rehabilitering av dammane, samstundes som den regulerte kraftproduksjonen i Ulsteindal kraftverk i all hovudsak vert oppretthalde.

Les meir om saken.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Johanne Rognstad, tlf.: 22 95 94 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye