Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE tilrår løyve til å regulere Kvannvatn med tre meter

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sagelva Minikraftverk AS løyve til å regulere Kvannvatn med tre meter, samt utviding av Kvannvatn kraftverk i Rana kommune i Nordland

Dette er same reguleringshøgde som har vore nytta til andre formål fram til no. Vi har også anbefalt ei auka slukeevne i Kvannvatn kraftverk. Samla sett vil produksjonen i dei eksisterande kraftverka auke med ca. 3,2 GWh/år.

Av omsyn til ålmenne interesser har NVE tilrådd ei noko redusert regulering samanlikna med det som blei søkt om. Det er også tilrådd at det vert sett krav om slepp av minstevassføring frå dammen i Kvannvatnet.

Samla sett vurderer NVE at fordelane ved regulering av Kvannvatn og auka slukeevne i Kvannvatn kraftverk er større enn skadane og ulempene for ålmenne og private interesser. NVE legg vekt på at ei utviding i kraftverka og ei regulering av Kvannvatnet med tre meter vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby,
tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203

Seksjonssjef Øystein Grundt,
tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216

Les meir om tilrådinga her

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye