Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE tilrår konsesjon til Løkjelsvatn kraftverk

Del
NVE har handsama ein søknad frå Sunnhordland Kraftlag (SKL) om løyve til å byggje og drive Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune, Hordaland. NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje konsesjon.

SKL ynskjer å byggje eit nytt Ljøkelsvatn kraftverk som skal nytte dei eksisterande reguleringane i vassdraget. Nytt kraftverk vil auke den totale kraftproduksjonen i vassdraget med om lag 20 GWh. Dette er straumbruken til om lag 1000 husstandar.

NVE meiner eit nytt Løkjelsvatn kraftverk gjev ei betre nytting av eksisterande reguleringar og at negative effektar av inngrepet i stor grad kan reduserast gjennom avbøtande tiltak. Litledalsvassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag og eit verna vassdrag. NVE si tilråding inneber at det sikrast ei meir stabil vassføring nedstraums Litledalsvatn enn i dag, noko som vil vere positivt for livet i vassdraget.

Kraftverket vil knyte seg på eksisterande 66 kV-leidning Litledalen – Hardeland med jordkabel frå transformatoren.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om Løkjelsvatn kraftverk. 

Nærmare informasjon:

Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf. 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50 206

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye