Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE tilrår konsesjon til å overføre Våtekleivbekkane

Del

Statkraft Energi har søkt om konsesjon til å overføre Våtekleivbekkane i Ulvik herad til Lang-Sima kraftverk i Eidfjord kommune, Hordaland. NVE rår Olje- og energidepartementet til å gi konsesjon.

Statkraft Energi ynskjer å bygge eit vatninntak i Våtekleivbekken Nord og eit i Våtekleivbekken Syd, saman berre Våtekleivbekkane, på Osafjellet i Ulvik herad. Bekkeinntaka vil lede vatn inn på eksisterande overføringstunnel mellom Skrulsvatnet og Floskefonnvatnet. Vatnet vil drenere vidare til Rundavatnmagasinet, og kan derifrå utnyttast til kraftproduksjon i Lang-Sima kraftverk.

NVE meiner ulempene ved å overføre Våtekleivbekkane til Lang-Sima kraftverk er akseptable, og at Statkraft Energi bør få konsesjon. Vi legg vekt på at ulempene for anadrom fisk i Norddøla er moderate, og lar seg til dels avbøte med slipp av minstevassføring. Vi legg også vekt på at overføringa vil gi ny regulerbar kraft med små og lite synlige inngrep i landskapet.

Overføringa vil gi om lag 5,9 GWh regulerbar kraft. Dette er straumbruken til om lag 295 husstandar.

Les meir om overføring av Våtekleivbekkane til Lang-Sima kraftverk

Kontaktperson

Senioringeniør George Nicholas Nelson, tlf 917 13 900

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom