Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev løyve til å bygge Graffer kraftverk i Lom

14.12.2016 11:06 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev løyve til å bygge Graffer kraftverk i Lom kommune i Oppland. Graffer kraftverk vil produsere om lag 8,7 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 435 husstandar.

Graffer kraftverk vil nytte eit fall på 210 meter i Vulu mellom inntaket på 720 moh. og kraftstasjon på 510 moh. Vassvegen på om lag 2100 meter er planlagd nedgraven på heile strekninga.

NVE meiner tiltaket ikkje vil medføre vesentlege negative verknader for biologisk mangfald, landskap eller brukarinteresser. Inngrepa i samband med ei utbygging vil ligge relativt skjult i terrenget og kraftstasjonen er plassert på oppsida av fleire uttak til vatningsvatn. NVE har fastsett ei minstevassføring på 100 l/s om sommaren og 20 l/s resten av året.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Graffer kraftverk.

Les meir om Graffer kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom