Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev Ikkje løyve til Herfindalen kraftverk i Vaksdal

25.9.2015 09:34 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev ikkje NGK Utbygging AS løyve til å bygge Herfindalen kraftverk i Vaksdal kommune i Hordaland grunna, konflikt med verdiar knytt til landskap, friluftsliv og kulturmiljø.

Herfindalen kraftverk var planlagt med ei forventa årleg produksjon på 11,6 GWh tilsvarande den årlege straumbruken til om lag 580 husstandar.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville hatt negative konsekvensar for landskap, friluftsliv og kulturmiljø. Herfindalen er eit naturskjønt område med store landskaps-, frilufts- og kulturverdiar. Redusert vassføring vil få store negative konsekvensar for Fossen som i dag er eit markert landskapselement og synleg over eit større område. Etablering av røyrgate vil øydelegge kvalitetane ved ein mykje brukt t-merka sti og skape store sår i sårbart høgfjellsterreng. Justering av planane, med mellom anna tunnel på delar av strekninga, vil ikkje i tilstrekkeleg grad kompensere for dei negative verknadene.

NVE meiner dei negative verknadane er større enn dei positive effektane av auka kraftproduksjon, og at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabelt i høve til allmenne interesser.

Les meir om Herfindalen kraftverk på nve.no.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom