Norec

Norec-partnar Julia Mwashi (42) omkom i Ethiopian Airlines-styrten

Del

Julia Mwashi var på veg heim frå Norge, der ho deltok på ei vekeslang partnarsamling saman med 112 andre Norec-partnarar.

Julia Mwashi (41) utanfor Hurdalsjøen hotell, der ho denne veka deltok på eit nettverksmøte for Norec-partnarar. Foto: Robina Asiimwe Sentumbwe - til fri bruk.
Julia Mwashi (41) utanfor Hurdalsjøen hotell, der ho denne veka deltok på eit nettverksmøte for Norec-partnarar. Foto: Robina Asiimwe Sentumbwe - til fri bruk.

I kveld har vi fått melding om at Julia Mwashi (42), utvekslingskoordinator for partnaren vår Kenyan Girl Guides Association, er blant dei omkomne i Ethiopian Air-styrten sundag.  

Julia var på veg heim til Kenya frå Norge. Her deltok ho på Youth Summit, eit vekeslangt nettverksmøte og partnarkurs arrangert av Norec. Der deltok ho aktivt saman med om lag 120 andre Norec-partnarar. 

-       Vi vil hugse Julia som eit høgt respektert medlem av partnarskapet. Ho var konstruktiv, og brukte erfaringa si til å betre utvekslingsprosjektet, seier Kari Lindemann, programrådgjevar i Norec for Yess Girls-utvekslinga. 


Yess Girls er eit utvekslingsprosjekt som består av jentespeiderforeningar frå ulike afrikanske og asiatiske land. Målet med prosjektet er å styrke og bygge opp unge kvinner, slik at dei kan bli endringsagentar og leiarar i sitt lokalmiljø. Norec har fasilitert prosjektet i fem år, og har eit nært og godt forhold til partnarane.  

-       Det var ein tung beskjed å få. Julia var ein mentor for fleire unge kvinner, og har satt djupe spor både hos dei og i prosjektet. Vi er utruleg lei oss, og kondolerer så mykje til alle som sto ho nær, seier direktør Jan Olav Baarøy. 

Partnarmøtet i Norge var Julias siste oppdrag som utvekslingskoordinator i Norec-prosjektet. Ho ville blitt 43 år 19. mars. Ho etterlet seg to born. 

Nøkkelord

Kontakter

Jan Olav Baarøy
Direktør
Tlf. 916 24 313

Bilder

Julia Mwashi (41) utanfor Hurdalsjøen hotell, der ho denne veka deltok på eit nettverksmøte for Norec-partnarar. Foto: Robina Asiimwe Sentumbwe - til fri bruk.
Julia Mwashi (41) utanfor Hurdalsjøen hotell, der ho denne veka deltok på eit nettverksmøte for Norec-partnarar. Foto: Robina Asiimwe Sentumbwe - til fri bruk.
Last ned bilde
Julia Mwashi (41) utanfor Hurdalsjøen hotell, der ho denne veka deltok på eit nettverksmøte for Norec-partnarar. Foto: Robina Asiimwe Sentumbwe. Til fri bruk.
Julia Mwashi (41) utanfor Hurdalsjøen hotell, der ho denne veka deltok på eit nettverksmøte for Norec-partnarar. Foto: Robina Asiimwe Sentumbwe. Til fri bruk.
Last ned bilde
Direktør i Norec, Jan Olav Baarøy. Foto: Maiken Solbakken/Norec
Direktør i Norec, Jan Olav Baarøy. Foto: Maiken Solbakken/Norec
Last ned bilde

Om Norec

Norec
Norec
Postboks 461
6803 Førde

57 99 00 00http://www.norec.no

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonal utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. Vi legg til rette for gjensidig utveksling av tilsette og frivillige mellom organisasjoner, institusjoner og verksemder. 

Kvart år utvekslar Norec 600 menneske mellom våre 220 partnarorganisasjonar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin Amerika. Norec fasiliterer over 80 prosjekt i 25 land. 

Norec held til i Firdavegen 2, Førde. 

Følg saker fra Norec

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norec på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norec

Bryt barrierene - Ungt lederskapskonferansen 20177.3.2017 07:51:30 CETPressemelding

Å være ung handler om å utfordre det bestående. Hvis man i tillegg skal være en ung leder må man utfordre systemet rundt seg og samtidig presentere løsninger som er bedre enn de vi har i dag. Hvilke rolle spiller unge ledere i å endre eksisterende strukturer, bruke ny kunnskap, nye metoder, og bygge broer mellom gammelt og nytt gjennom med alternative og innovative løsninger? Det er noen av de spørsmålene konferansen svarer på.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom