Samferdselsdepartementet

Nord-Aurdal er årets trafikktryggleikskommune 2019

Del
– Nord-Aurdal er utnemnt til Årets trafikktryggleikskommune 2019. Kommunen har gjennom ei årrekke arbeida heilskapleg og målretta i sitt arbeid for betre trafikktryggleik. Kommunen er aktiv i haldningsskapande arbeid, og kan vise til nedgang i talet på trafikkskadar og personskadeulukker. Dei siste fire åra har kommunen gjort ei rekke fysiske tiltak for å sikre skulevegane. Dei har også eit særskild fokus på tiltak for både eldre og ungdom, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Statssekretær Tommy Skjervold delte ut prisen til ordfører i Nord-Aurdal kommune, Inger Torun Klosbøle. Foto: Ramstad/Statens vegvesen
Statssekretær Tommy Skjervold delte ut prisen til ordfører i Nord-Aurdal kommune, Inger Torun Klosbøle. Foto: Ramstad/Statens vegvesen

Samferdselsdepartementet sin trafikktryggleikspris "Årets trafikktryggleikskommune" vert delt ut for åttande året på rad. Prisen er på ein million kroner, og blir gitt til ein kommune som har utmerka seg med godt lokalt trafikktryggleiksarbeid.

– Føremålet med prisen er å fremje lokalt trafikktryggleiksarbeid. Ved å heidre kommunar som har utmerka seg, ynskjer vi å løfte fram føredøme som kan inspirere andre kommunar til ein auka innsats, seier samferdselsministeren.

Grunngiving for val av Nord-Aurdal kommune
Nord-Aurdal kommune driv eit vel fungerande, breitt og langsiktig trafikktryggleiksarbeid. Arbeidet er forankra på fleire nivå både politisk og administrativt, i kommunedelplanar, reguleringsplanar, i trafikktryggleiksplanen som vert rullert kvart fjerde år og i årlege handlingsprogram. Kommunen bidreg til tenking på tvers av sektorar innanfor det kommunale trafikktryggleiksarbeidet. Planane omfattar både haldningsskapande og fysiske tiltak som årleg vert evaluerte,noko som gjer overføringsverdi for andre. Nord-Aurdal er godkjend som trafikksikker kommune. Dette viser at trafikktryggleik vert prioritert høgt i kommunen. Trafikkopplæring for innvandrarar er eit punkt som står på planen i perioden som kjem. Kommunen har god oversikt over ulukkespunkt og -strekningar i området, og kan vise til ein nedgang i tal på personskadeulukker.

Juryens vurderingskriterier

Statens vegvesen administrerer søknadsprosessen og det er fylkeskommunane som foreslår kandidatar til prisen. I år fekk Statens vegvesen fem forslag til kandidatar.

Juryen består av representantar frå Samferdselsdepartementet, Justisdepartementet, Statens vegvesen, Politidirektoratet, Utrykkingspolitiet, Helsedirektoratet, Trygg Trafikk og Statens havarikommisjon for transport.

Kriteria som juryen har vekta er følgjande:

  • Kommunen skal vise til godt trafikktryggleiksarbeid og gode planar for vidare arbeid.
  • Kommunen skal ha ein trafikktryggleiksplan der mellom anna sikring av skulevegane inngår. Planen må oppdaterast jamleg og vere forankra i den politiske leiinga i kommunen, administrasjon og befolkningsgrupper.
  • Kommunen må kunne dokumentere gjennomførte tiltak.
  • Tiltaka skal vere evaluerte og vise positiv effekt for trafikktryggleiken.

Tidlegare vinnarar

Nøtterøy kommune vann prisen i 2012, kommunane Austrheim og Lindås delte prisen i 2013, i 2014 gjekk prisen til Bodø kommune, i 2015 til Alta kommune, i 2016 til Ski kommune og i 2017 til Kvinesdal kommune. Fredrikstad kommune fekk prisen i 2018.

Kontakter

Bilder

Statssekretær Tommy Skjervold delte ut prisen til ordfører i Nord-Aurdal kommune, Inger Torun Klosbøle. Foto: Ramstad/Statens vegvesen
Statssekretær Tommy Skjervold delte ut prisen til ordfører i Nord-Aurdal kommune, Inger Torun Klosbøle. Foto: Ramstad/Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye