Lotteri- og stiftelsestilsynet

No kan du søkje i tusenvis av vedtekter

Del
No kan du gjere søk i vedtektene til alle norske stiftelsar. Det betyr at mykje nyttig informasjon blir lettare tilgjengeleg for mange.

No kan du gjere søk i vedtektene til alle norske stiftelsar. Det betyr at mykje nyttig informasjon blir lettare tilgjengeleg for mange.

Vedtekter og annan nøkkelinformasjon om alle landets 7600 stiftelsar er samla i Stiftelsesregisteret. Vedtektene måtte hentast fram enkeltvis, men no er det mogleg å leggje inn eitt eller fleire søkjeord. Dermed får du ei liste med stiftelsar som har dei aktuelle søkjeorda i sine vedtekter.

- Folk kan for eksempel søkje på ord som student, biletkunstnar eller musikar. Dermed blir det lettare å leite seg fram til aktuelle stiftelsar som har slike grupper som formål, seier avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen i Stiftelsestilsynet.

Nyttig for mange
Gunn Merete Paulsen reknar med at mange grupper vil nyte godt av dei søkbare vedtektene i Stiftelsesregisteret. Det kan vere privatpersonar som er på jakt etter stipend eller eit formål som stiftelsar støttar. Men også forskarar, media og folk flest vil på denne måten skaffe seg lettare tilgang til eit område som hittil har vore rekna som lite tilgjengeleg.

-Nyvinninga bidreg til å kople dei ca. 3500 stiftelsane som vi veit har pengar til utdeling med aktuelle søkjarar. Vi veit at mange stiftelsar ønskjer fleire søkjarar til sine formål, seier avdelingsdirektør Paulsen.

Samarbeid med Nasjonalbiblioteket
Stiftelsestilsynet har i dette prosjektet samarbeidd med Nasjonalbiblioteket som gjer om store mengder skriven tekst til søkbart format kvart år. Etter å ha fått inn tilbod frå fleire leverandørar, valde Stiftelsestilsynet eit indisk firma til å gjere jobben. Alt har skjedd digitalt – ikkje eit papir er utveksla mellom Norge og India.

- For oss er dette eit stort prosjekt som vi løyste ved hjelp av vår eigen kompetanse, samarbeid med ein annan offentleg etat og effektive folk i India. Prosjektet kosta oss difor ikkje meir enn 400 000 kroner, seier Gunn Merete Paulsen.

Andre endringar
Det er også gjort andre endringar som brukarane vil ha nytte av i Stiftelsesregisteret. Her er lagt inn nye felt som viser talet på registrerte styremedlemer – både høgaste og lågaste tal i vedtektene. Varamedlemer er også med saman med anna nøkkelinformasjon som namn og adresse.

Innføring av søkbare vedtekter er ledd i ein langsiktig strategi der Lotteri- og stiftelsestilsynet ønskjer å gjere lettare tilgjengeleg for publikum store mengder kunnskap tilsynet har.

- Dette er eit godt eksempel på nytteverdien av store nasjonalt satsingar som opne data og digitalisering i staten, seier Gunn Merete Paulsen.

 

Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med avdelingsdirketør Gunn Merete Paulsen på
 tlf. 992 84 338. E-post:
gmp@lottstift.no .

Du kan også kontakte kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle på tlf. 992 84 302.
E-post:
amh@lottstift.no

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Storehagen 1B
6800 FØRDE

57 82 80 00https://lottstift.no/nb/

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Les meir på www.lottstift.no  

Følg pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye