Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

No har Voss betre oversikt over skredfaren i kommunen

Del

Voss kommune har no fått betre og meir presise kart som viser skredfare i utvalde områder. Måndag 20. mai overleverte NVE faresonekart for skred i bratt terreng til kommunen. Karta viser at totalt 11 bygningar ligg innanfor faresona for 100års-skred, medan 93 bygningar ligg innanfor faresona for 1000års-skred.

NVE har utarbeida faresonekart for skred i bratt terreng for Voss kommunen. Foto: NGI
NVE har utarbeida faresonekart for skred i bratt terreng for Voss kommunen. Foto: NGI

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagte områda er Bulken, Voss-Løno, Stalheim, Kvormo-Vinje, Oppheim, Evanger, Brekkhus, Li, Mønsberget og Ygre.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Brigt Samdal.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Kontakter

Brigt Samdal, regionsjef
telefon: 90748238

Idun Nessestrand Vefring
telefon: 2295 9536

Bilder

NVE har utarbeida faresonekart for skred i bratt terreng for Voss kommunen. Foto: NGI
NVE har utarbeida faresonekart for skred i bratt terreng for Voss kommunen. Foto: NGI
Last ned bilde

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom